Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Politikk > Nyheiter > Mørepolitikarar trur på norsk/kinesisk skipssamarbeid

Kontaktpersonar

Olav Bratland Olav Bratland
Fylkesordførar
71 25 87 01
Send e-post
Willy Jarle Loftheim Willy Jarle Loftheim
Ass. fylkesrådmann
71 28 01 61 /
Mob. 913 92 901
Send e-post

Mørepolitikarar trur på norsk/kinesisk skipssamarbeid

Fylkesordførar Olav Bratland og resten av Møredelegasjonen, som er i Kina i regi av Vestlandsrådet, har stor tru på at norske skipsverft og reiarar har mykje å hente i Kina.

Fylkesordførar Olav Bratland i Kina. Foto: Trond Ueland/Vestlandsrådet

Fredag 18 september var dei på synfaring til Yuexin Skipsverft i Guangzhou like utanfor Hong Kong i Kina for å sjå offshore -fartøyet som Havyard Design har levert tenester til.
Ankerhandteringsfartøyet ”Posh Conquest” er skip nr 2 som Havyard Design har hatt ansvaret for design til ved dette verftet. Yuexin Skipsverft leverer 10 slike skip om året og har ein arbeidsstyrke på omlag 1600 tilsette. Dei to skipa er eit resultat av eit omfattande samarbeid mellom norsk og kinesisk kompetanse der også Rolls Royce er viktig underleverandør.

Fylkesordførar Olav Bratland, Gunn Berit Gjerde (V), og  Bergljot Landstad, og saman med vefrtsdirektøren på verftsområdet og med ”Posh Conquest” i bakgrunnen

Foto: Trond Ueland/Vestlandsrådet

Mørepolitikarane er imponert over kvalitet og leveringsevne frå det kinesiske verftet. Heile skipsverftet, som er privat eigd, er bygd opp etter 1997, og her lærer dei  skipsbygging og moderne teknologi i ein rakettfart. Mørepolitikarane ser likevel at slike verksemder har store utfordringar knytt til tryggleik og miljø. Besøket er ein del av Vestlandsrådet sitt besøk til Kina.

- Heile verda snur seg mot Kina – eit land som skal takast på alvor om du vil lære meir om næringsutvikling. Og vi vil lære meir. Kina har opna dørene og invitert oss – då er vi ikkje vanskelige å be, seier fylkesordførar Olav Bratland.
Bratland har leia ein delegasjon som består av medlemmer av
Vestlandsrådet

Ny vind i segla

Vestlandsrådet vedtok en ny plattform av prioriterte politiske utfordringar som rådet skal arbeide vidare med. Plattforma bygger på ein ny samarbeidsavtale mellom dei fire fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Plattform og avtale er forankra i dei respektive fylkesting.
- Vi har fått ny giv og tru på at eit samarbeid vil styrke og gi ein meir tydelig stemme frå Vestlandet, i både nasjonal og internasjonal politikk. Vestlandet står for ein enorm verdiskaping og huser dei fire største eksportfylka i landet. Turen til Kina er slik sett strategisk viktig, forklarer Bratland
Satsingsområda til Vestlandsrådet er: internasjonalt arbeid, samferdsel,
innovasjon og næringsutvikling, kystressursforvaltning – marin og maritim.
verdiskaping, energi, miljø og klima og tilslutt kultur.
Delegasjonen besøker Kina 9. – 19. september.

Presseinfo: trykk på bileta under for å laste dei ned i fullformat:

Foto: Trond Ueland/Vestlandsrådet

Fylkesordførar Olav Bratland, Gunn Berit Gjerde (V), og  Bergljot Landstad, og saman med vefrtsdirektøren på verftsområdet og med ”Posh Conquest” i bakgrunnen

Foto: Trond Ueland/Vestlandsrådet