Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Organisasjon > Kommunikasjon > Pressemeldingar > - Rokkar ikkje ved tidlegare fylkestingsvedtak

Kontaktpersonar

Olav Bratland Olav Bratland
Fylkesordførar
71 25 87 01
Send e-post

- Rokkar ikkje ved tidlegare fylkestingsvedtak

Ny utgreiing og nye anslag for Trollheimstunnelen rokkar ikkje ved tidlegare vedtak i fylkestinget eller kommunestyrevedtak i Surnadal og Sunndal. Lang tunnel er framleis det mest aktuelle alternativet for denne vegstrekninga, meiner fylkesordførar Olav Bratland.

I 2010 var det debatt i ulike media om at bru- og tunnelalternativet, som vart forkasta ved behandlinga av hovudplanen frå 1988, er betre enn det vedtekne “Børsetalternativet”.  Derfor har vi funne det tenleg å gjere ei enkel oppdatering av bru- og tunnelalternativet. 

Hovudformålet har vore å få vurdert og samanlikna alternativa ut frå dagens krav til vegstandard og dei kostnadene ein i dag kan rekne med at alternativa vil ha.
- Utgreiinga rokkar ikkje ved tidlegare fylkestingsvedtak. Lang tunnel er framleis det mest aktuelle alternativet, seier fylkesordførar Olav Bratland.
 

To notat frå Statens vegvesen ligg ved:

* oppsummering av den nye anslagsrapporten

* supplering av anslagsrapporten