Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Organisasjon > Kommunikasjon > Pressemeldingar > Opning av sykkelvegen på Kårvåg

Opning av sykkelvegen på Kårvåg

Laurdag 25. september blir det offisiell opning av sykkelvegen på Kårvåg i Averøy kommune. 

Møre og Romsdal fylkeskommune, Averøy kommune, UL Utheim, Kårvåg Havørn fotball, Kårvåg IL og Kårvåg husmortrim inviterer til opninga av gang- og sykkelvegen på Kårvåg i Averøy kommune.

Det blir offisiell opning ved krysset til Atlanterhavsvegen kl 1400. Fylkesvaraordførar Svein Atle Roseth vil stå for den offisielle opninga, etterpå går vi i tog til Kårvåghallen, der det mellom anna blir kaffe og kake, underhaldning, leikar og taler frå kl 1500.

Arrangementet er opent for alle, og vi ønskjer media vel møtt.

Gang- og sykkelvegen går frå krysset mot Atlanterhavsvegen og litt forbi avkøyringa til Kårvåghallen, og er vel 2 km lang. I tillegg til bygginga av sjølve gang- og sykkelvegen er det mellom anna bygd fire busslommer med leskur på strekninga, bru over Utheimselva og over Kårvågelva, og sett opp 500 meter med natursteinsmur.

Arbeidet starta i oktober 2009 og entreprenørfirmaet K. A. Aurstad AS har vore hovedentreprenør.

Kontaktpersonar:

Svein Atle Roseth, fylkesvaraordførar Møre og Romsdal, tlf 957 96 999

Jarle Haga, ordførar Averøy kommune, tlf 71 51 35 01 / 958 87 076