Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Organisasjon > Kommunikasjon > Pressemeldingar > Fylkeskulturprisen til Stig Nilsson

Fylkeskulturprisen til Stig Nilsson

Fylkeskulturutvalet har i møte den 15. november 2010 vedteke å gi Møre og Romsdal fylkeskommune sin kulturpris for 2010 til Stig Nilsson, Kristiansund. 

Stig Nilsson har heilt sidan 16-årsalderen gjort ein vesentleg innsats for kulturlivet i fylket. Han har gjeve ut plater, forfatta visebøker, skrive barnebok og biografiar m.a. om dirigenten og korpedagogen Per Oddvar Hildre og gitaristen og komponisten Frode Alnæs. Han er også mannen bak ei ordbok med meir enn 1500 ord og uttrykk frå fleire generasjonar på Kristiansundsdialekt.

Stig Nilsson har levert store mengder dramatikk til teatre rundt om i landet; som Det Norske teater, Nord Trøndelag Teater, Operaen i Kristiansund og ei rad friteatre. Han er mannen bak librettoen til "Lady Arbutnott- frua til Elverhøy" som i 16 år har gått for fulle hus ved Sunndal kulturfestival. Teksten til  folkeoperaen "Donna Bacalao" til musikk av Frode Alnæs er også forfatta frå Nilssons hand.

Det må også nemnast at Stig Nilsson i 1993 blei tildelt NOPAS pris for "Årets verk". I 1993 blei han tildelt Nordeas kulturpris. I tillegg til alt dette har han levert nærare 200 songtekstar til våre aller fremste artistar som Sissel Kyrkjebø, Jørn Hoel, Hanne Krogh, Karoline Kruger, Arja Saijonmaa og mange fleire.
 
Fylkeskulturprisen består av eit pengebeløp på kr 50.000 og diplom. Prisen blir delt ut under opninga av Fylkestinget si samling 06. desember d.å. på Rica Seilet Hotell i Molde.
 

Kontaktpersonar:

Torgunn Nerland
Leiar fylkeskulturutvalet
Mobil: 92 20 72 45

Stig Nilsson:
Mobil: 90 500 525