Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Organisasjon > Arbeidsgivar - HR > Skal bli ein enno betre arbeidsgivar

Skal bli ein enno betre arbeidsgivar

Møre og Romsdal er den einaste fylkeskommunen med i eit nasjonalt KS-prosjekt. Målet er å bli betre til å vise fram kva kvalitetar vi har som arbeidsplass.

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein av åtte kommunar og fylkeskommunar som deltek i eit nasjonalt omdømeprosjekt i regi av Kommunenes sentralforbund (KS). Målet å bli flinkare til å kommunisere positive sider ved å vere tilsett i ein kommune eller fylkeskommune. Leiar for prosjektet i Møre og Romsdal er rådgivar Anna Tokle Amundsen.

Fylkeskommunen har eit viktig samfunnsoppdrag som leverandør av velferdstenester og med eit særskilt ansvar for regional utvikling. Fylkeskommunen skal også vere ein demokratisk arena som gir innbyggjarane høve til å delta og ha innverknad på den regionale utviklinga.

Viktige oppgåver er vidaregåande opplæring, samferdsel, tannhelse, fylkesplanlegging samt nærings- og kulturutvikling i Møre og Romsdal. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i fylket med over 2400 tilsette. Møre og Romsdal fylkeskommune sin historie går nesten 200 år tilbake i tid.

- Om vi berre blir flinkare til å vise kor bra vi faktisk er, er halve jobben gjort, seier prosjektleiar Anna Tokle Amundsen.
Møre og Romsdal fylkeskommune har eit unikt samfunnsoppdrag – jobben vår er å levere gode offentlege tenester til innbyggjarar i Møre og Romsdal. Eigne undersøkingar syner at våre tilsette meiner dei har ein trygg arbeidsplass og meiningsfulle arbeidsoppgåver. Ei FactBack-undersøking utført i 2010 syner at tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune er overvegande positivt innstilt til eigen arbeidsplass.

- Funna er motiverande for arbeidet vår framover, samstundes som vi har fått avdekka nokre område der vi kan bli ennå betre som arbeidsgivar, seier Amundsen.

Vi trur fylkeskommunen kan framstå som ein enno meir attraktiv arbeidsplass om vi blir flinkare til å synleggjere fortrinna våre som arbeidsgivar. Samtundes vil vi jobbe for å bli betre på kompetanseutvikling, mellom anna ved å opprette eit eige fylkesakademi og skipe eit nytt leiarprogram.

- Målet med fylkesakademiet er å samle, koordinere og forbetre arbeidet med kompetanseutvikling i organisasjonen. Samstundes utviklar vi nokre nye element, som leiarprogrammet og ein eigen introduksjonsdag for nytilsette, fortel Amundsen.

I prosjektperioden (2010) ønskjer vi primært å jobbe med eigne tilsette. Vi vil at dei skal få vite meir om kva organisasjon dei er ein del av, kva visjon og verdiar vi har og kva mål vi vil oppnå. Om vi lukkast med det, trur vi det kan auke både identitet og stolthet knytt til det å vere tilsett i fylkeskommunen.

Milepælar for fylkeskommunen i samband med dette arbeidet:
• Ny kommunikasjonsstrategi innan februar 2010
• Ny profil som legg føringar for logo, grafisk materiell og ny nettstad innan mai 2010
• Ny rekrutteringsstrategi hausten 2010
• Nytt leiarutviklingsprogram hausten 2010
* Ny portal for stilling ledig på www.mrfylke.no
• Utvikle “Arbeidsgivarpolitiske verkstader” for å implementere den nye arbeidsgivarpolitikken for framtida, visjon og verdiar i 2010
• Gjennomføre introduksjonsdagar for nytilsette innan oktober 2010
• Gjennomføre ein omdømedag i 2010
• Delta på KS-prosjekt 2010