Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter > - Vil vere pådrivar og støttespelar i folkehelsearbeidet

- Vil vere pådrivar og støttespelar i folkehelsearbeidet

Fylkeskommunen vil vere pådrivar og støttespelar i folkehelsearbeidet i kommunane, seier assisterande fylkesrådmann Willy Loftheim. Loftheim tok opp dette temaet i sitt foredrag under Storfjordkonferansen 2010. Les heile foredraget her.

- Fylkeskommunen vil vere pådrivar og støttespelar i folkehelsearbeidet i kommunane, seier assisterande fylkesrådmann Willy Loftheim.

1.september blei Storfjordkonferansen 2010 arrangert. Konferansen er ein årleg møtestad for spesialisthelsetenesta og kommunane i fylket vårt. Målet er eit endå betre helsetilbod i fylket.

Reform med krav
 Samhandlingsreformen vil stille heilt nye krav til helseaktørane. Ikkje minst innan førebyggande arbeid som var hovudtema for konferansen i år.

- Møre og Romsdal fylkeskommune vil vere ein pådrivar og støttespelar i folkehelsearbeidet i kommunane. Mellom anna har vi peika ut seks satsingsområde innan God Helse, fortalte Loftheim.

Dei seks satsingsområda er:

  1. Fysisk aktivitet
  2. Kosthald
  3. Rus
  4. Tobakk
  5. Psykisk helse
  6. Sosiale skilnader i helse

Søttespelar
 Det er ulike behov og ulike satsingar innan desse områda frå kommune til kommune. Fylket si oppgåve blir å støtte opp om arbeidet i kvar einskild kommune.

- Mellom anna sit fylkeskommunen på statistikk over helsetrendar i Møre og Romsdal. Dette er eit godt grunnlag for å avdekkje kva utfordringar vi må ha fokus på i folkehelsearbeidet. I tillegg har fylkeskommunen sett av midlar til bruk i God Helse-partnarskapen. I 2010 er det sett av 3,5 millionar kroner til ulike tiltak, sa Loftheim.

Sektorane
 God helse skal òg vere eit gjennomgåande tema innan sektorane i fylkeskommunen. Eit døme er vidaregåande skule.

- Vi satsar mellom anna på tobakksfrie skular, vi byter ut brusautomatar med vass-dispensarar og gjennomfører faste program for psykisk helse, fortalte Loftheim.

Les heile foredraget til Willy Loftheim

Alle foredraga frå Storfjordkonferansen 

Samarbeidsprosjekt
 Storfjordkonferansen 2010 blei arrangert i samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Muriparken, Helse Sunnmøre, Ålesundregionens Utviklingsselskap (ÅRU), Romsdal Regionråd (ROR) og Kommunenes Sentralforbund (KS).