Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter > Vil styrkje rådgivinga til skuleungdom

Vil styrkje rådgivinga til skuleungdom

Rådgivarar og andre med rettleiingsansvar for elevar kjem 30. mars saman til konferanse i Kristiansund for å føre vidare kompetansehevinga i rådgivningstenesta for skoleungdom. 

- Rådgivingskonferansen skal kaste lys over sentrale utfordringar og sikre fagleg påfyll slik at vi kan gje endå betre hjelp til ungdom i overgangen mellom ungdomsskolen og vidaregåande skole, seier Anita Steinbru (bildet) ved utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Konferansen skal kaste lys over sentrale utfordringar og sikre fagleg påfyll slik at vi kan gje endå betre hjelp til ungdom i overgangen mellom ungdomsskolen og vidaregåande skole, seier Anita Steinbru ved utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Viktig møteplass
- Den årlege rådgivingskonferansen er ein viktig møteplass for alle som har oppgåver og roller i rådgivingstenesta for elevar på ungdomsskoletrinnet og i vidaregåande skolar, seier Steinbru, seksjonsleiar i utdanningsavdelinga. Ho peikar på at fylkeskommunen har fått i oppdrag frå styresmaktene nettopp å medverke til kvalitetsutviklingstiltak som kan gi god samanheng mellom grunnskole og vidaregåande opplæring. 

Samarbeidsrutinar
- Utvikling av gode samarbeidsrutinar mellom ungdomstrinnet og vidaregåande skole er viktig for å få fleire til å gjennomføre vidaregåande opplæring med studiekompetanse eller yrkeskompetanse. Målet med konferansen er å skape ein felles læringsarena for skolepersonell og andre med rettleiingsansvar for elevar, der dei kan få fagleg påfyll og høve til å diskutere aktuelle problemstillingar, seier Steinbru.

Under konferansen i år vil ein fokusere på: 

  • Satsingane NY GIV:

1) Overgangsprosjektet i samarbeid med kommunane

2) Samarbeid OT/NAV – samarbeidsprosjekt for Oppfølgingstenesta (OT)  og
    NAV for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring.
 

  • IKO -prosjektet (identifisering, kartlegging, oppfølging) på Nordre Sunnmøre – fokusgrupper for elevar i risikosona for fråfall ved overgangen til vidaregåande skole
  • Sosialpedagogiske problemstillingar: Korleis bør skolane legge opp arbeidet med rusproblem og psykiske vanskar hos elevar? 

Konferansen blir halden på Hotell Thon i Kristiansund  og varer frå onsdag 30. mars kl. 12.00  -  torsdag 31. mars kl. 15.00 


Kontaktpersonar:

Generelt om programmet: Anita Steinbru – 416 42 523

Om NY GIV – Overgangsprosjektet: Geir Løkhaug – 950 35 375

Om IKO-prosjektet og sosialpedagogiske tema: Bente Volder – 976 02 697