Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter > Utlyser gå- og syklekonkurranse for skuleungdom

Kontaktpersonar

Petter Jenset Petter Jenset
Rådgivar friluftsliv
71 28 03 05 /
Mob. 922 34 244
Send e-post

Utlyser gå- og syklekonkurranse for skuleungdom

Kven går og syklar mest av vidaregåande-elevane i Møre og Romsdal?  Dette skal bli klart utover hausten etter at fylkeskommunen utlyser gå-/syklekonkurranse. Beste klasse blir premiert med 10.000 kroner.

Møre og Romsdal fylkeskommune utlyser gå-/syklekonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen. Beste klasse blir premiert med 10.000 kroner.

Alle ungdommer i den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal er invitert til å bli med i konkurransen, som foregår i I perioden 27. september til 29. oktober. Deltakarane i konkurransen blir oppmoda om å registrere kor mange minutt ein har gått eller sykla til skulen. Det blir premiert i fire kategorier: -beste klasse - beste skule - beste elev - tilfeldig trekning frå registreringslista.

- Vi ønskjer å stimulere til auka kvardagsaktivitet, og vi trur at ein slik konkurranse kan inspirere ungdommen til å komme i gang, seier Petter E. Jenset ved  seksjon fysisk aktivitet i Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Jenset viser til undersøkingar, der det kjem fram at kvardagsaktivitetar som å gå og sykle er den største kjelda til fysisk aktivitet i befolkninga. Samtidig blir kvardagsaktiviteten stadig reduserst: - Vi trenar som aldri før, men berre 20% av den vaksne befolkninga har eit snitt på meir enn 30 minutt fysisk aktivitet pr dag.

Les meir om konkurransen