Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter > Ungdomspanelet klar for ny sesong

Ungdomspanelet klar for ny sesong

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal kjem til helga saman til oppstartseminar i Halsa. Under samlinga drøftar ein dei viktigaste ungdomssakene i året som kjem og gjer seg betre kjent med fylkeskommunen, politiske utval og prosessar. 

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal kjem til helga saman til oppstartseminar i Halsa

Ungdomspanelet (UP) har eit oppstartseminar i januar kvart år, og i år er det lagt til "Rasteplassen" på Vågland i Halsa kommune. I tillegg til kursing om dei politiske og administrative sidene i fylkeskommunen, skal ungdommane også bli godt kjent med arbeidsområde og arbeidsmetodar for UP. Det er også lagt vekt på at dette skal vere ei sosial helg, der medlemmene i UP skal bli betre kjent med kvarandre.

Overrekking av prisen "Årets ungdomskommune 2010"

Halsa er kåra til  "Årets ungdomskommune 2010", og Ungdomspanelet, ved leiar Ida Andrine Heggset, overrekkjer fredag kveld det synlege beviset på dette. Dette vil skje under eit fellesmøte for ungdomsråda i Halsa, Surnadal, Rindal og Ungdomspanelet i kommunestyresalen på Vågland.

Under fellesmøtet vil ungdomsråda i Rindal, Surnadal, Halsa og Ungdomspanelet drøfte forskjellige tema rundt det å jobbe i ungdomsråd, lokalt og regionalt. Ungdomsrådet i Halsa vil presentere kommunen og orientere om sitt arbeid.
Sjå programmet for oppstartseminar for UP

Les meir om Ungdomspanelet

Kontaktperson: 

rådgivar Anne Berit Svenkerud Halle

Tlf. 71 25 80 95 / Mob. 984 13 003

Anne.Berit.Svenkerud.Halle@mrfylke.no