Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter > Ungdommens nasjonalforsamling (UNF) 2010

Ungdommens nasjonalforsamling (UNF) 2010

Då er historiens fyrste nasjonalforsamling for ungdom avvikla. Gjennom påverknadstorg, diskusjonar og engasjement vedtok Ungdommens nasjonalforsamling (UNF) tysdag den 21 september 5 saker som dei brakte vidare til stortingspolitikarar og andre frå dei største partia. Saka det var størst semje om var behovet for lovpålagde medverknadsorgan for ungdom både i kommuar, i fylke og på nasjonalt nivå. Ei av hovudsakane Ungdomspanelet i Møre og Romsdal har jobba med dei siste åra.

Dei fem sakene som blei overlevert til stortingspolitikarane ved slutten av UNF er:

  • Organisering av ungdommenes innflytelsesorgan på kommunalt, fylkeskommunalt og nasjonalt nivå
  • Fråværsreglar i dei vidaregåande skolane; krav om at alt fråver frå fyrste dag blir spesifisert på vitnemålet
  • Førstehjelp i skulen; obligastorisk del av pensum i grunnskulen
  • Barnebillett; auke barnebilletten til 18 år.
  • Kollektivtransport i distrikta

Les meir på ungweb.no eller på barneombudet sine nettsider

Les meir om dei fem sakene her:

For meir informasjon ta kontakt med koordinator Anne Berit Svenkerud Halle på mob 98413003 eller absh@mrfylke.no

Eller ta kontakt direkte med UNF delegatane Vetle Wang Soleim på mob 97 64 41 84 eller Janne-Katrin Hansen Sævik på mob 41 56 51 51