Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter > Trafikktryggingsprisen 2010 til Torgeir Stene

Trafikktryggingsprisen 2010 til Torgeir Stene

Torgeir Stene frå Vestnes er tildelt Trafikktryggingsprisen 2010.

Det var Trafikktryggingsutvalet (FTU) i Møre og Romsdal som i sitt møte den 22. september 2010 gjorde vedtak om tildelinga.Torgeir Stene har gjennom sitt arbeid med å få realisert Tresfjordbrua gjeve eit viktig bidrag for å auke trafikktrygginga langs strekninga Kjelbotn, Tresfjord og Vikebukt. På desse stadane talar alle dei tragiske trafikkulykkene sitt tydelege språk om at trafikktrygginga må aukast.

Pågangsmot
Vestnes formannskap ved ordførar Øyvind Uren sende inn forslaget på Torgeir Stene som kandidat til Trafikktryggingsprisen. I si grunngjeving skriv dei mellom anna at det er hans ukuelege pågangsmot som har ført dette vegprosjektet dit det er i dag. Han har sjølv spøkjefullt uttala at han har slite ut 7 samferdselsministrar. Frå 1986 og til han vart tilsett som dagleg leiar i 2006, la han ned eit stort arbeid utan noko godtgjersle. 

Tresfjordbrua
Sidan 2006 og til i dag har Torgeir Stene vore tilsett som dagleg leiar i Tresfjordbrua AS, og seinare Eksportvegen AS, som omfattar E136 Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen. Han var òg ein pådrivar for å slå i hop desse to prosjekta for å gje denne samferdselsløysinga meir tyngde.I grunngjevinga for Torgeir Stene sitt kandidatur står det vidare at prosjektet Tresfjordbrua er eit av dei viktigaste tiltaka for å auke trafikktrygginga for trafikantane langs vegstrekninga Kjelbotn, Tresfjord og Vikebukt. Derfor er det først og fremst trafikktrygging Torgeir Stene har arbeidd for i alle desse åra.

Kampen for vegprosjektet, som Torgeir Stene starta i 1986, nærmar seg no ei realisering. Reguleringsplan er godkjent, detaljplanlegginga er i startfasen, og det er forventa byggjestart for prosjektet E136 Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen i 2011.
Kontaktpersonar: FTU-leiar Svein Atle Roseth tlf. 95 79 69 99FTU-sekretær Ingeborg Midtflå Sørvik tlf. 71 27 47 71