Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter > Sula blir eksempelbibliotek

Sula blir eksempelbibliotek

Fylkesbiblioteket har utpeika Sula bibliotek til "eksempelbibliotek". Intensjonen er å endre eit "tradisjonelt 80-tals-bibliotek" til eit moderne bibliotek som kan overraske og appellere til nye brukargrupper. Siktemålet er at dette at dette kan bli ei satsing med overføringsverdi til heile "bibliotekfylket".

Tilsette ved Sula bibliotek gler seg over at biblioteket er utpeika som 'eksempelbibliotek'

 I samband med kultursatsinga i fylkesplanen er det sterk fokus på profilering og synleggjering av biblioteka. Det er utvikla ein felles logo og profileringsmateriell som skal lanserast no i haust, og til bruk i den planlagtelanseringa ønska fylkesbiblioteket eit "eksempelbibliotek". Folkebiblioteka i fylket vart invitert til å sende inn søknad om dei ønskte å bli 'eksempelbibliotek', og avgjerdslavart ei slags kombinasjonsløysing: 
• Sula bibliotek (hovudbiblioteket) blir "eksempelbibliotek" med eit konsept der ein foretar ein omgripande endringsprosess.
• Rauma folkebibliotek blir "lanseringsbibliotek" for profileringsprodukt knytt til "ny grafisk profil".

Tilskott frå fylkesbiblioteket skal kome i form av:
• Tilbod om praktisk rådgiving og hjelp, til dømes med gjennomgang og kassering av boksamlingar
• Økonomisk støtte på inntil kr 50 000.

Les meir på fylkesbiblioteket si heimeside