Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter > - Lærerikt med introduksjonsdag

Kontaktpersonar

Marianne Bye Marianne Bye
Rådgivar
71 28 01 76
Send e-post

Dokument

- Lærerikt med introduksjonsdag

 - Det var bra for oss nybegynnarar å få eit innblikk i og ein oversikt over organisasjonen. Slik oppsummerer dei nye lærarane ved Sunndal vgs; Monica Holten og Ingunn Forseth Haugen utbyttet av introduksjonsdagen for nytilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dei nye lærarane ved Sunndal vgs; Monica Holten (t.h.) og Ingunn Forseth Haugen syntes introduksjonsdagen for nytilsette ga stort utbytte.

Dei to, som til dagleg arbeider ved Sunndal videregående skole, deltok under ei eindags-samling som Møre og Romsdal fylkeskommune denne veka arrangerte for alle nytilsette. Til saman deltok 160 personar.

Ønskt velkomne
Her blei dei ønskt velkomne som nye medarbeidarar av fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik, dei fekk ein presentasjon av dei ulike fagområda fylkeskommunen arbeider med, og dei fekk også ein smakebit av dei særlege satsingsområda til fylket.
 Dei nytilsette blei også deltakarar i tilsette-verkstaden ”Identitet og omdømme”, der ein gjennom arbeid og refleksjon drøfta ulike dimensjonar i tilsett-rolla.

Godt mottekne
- I tillegg til ei generell innføring i kva organisasjonen arbeider med, fekk vi vite meir om fylket sine satsinger innen skule..der vi jobbar til dagleg, og det var spesielt nyttig, seier Monica og Ingunn.

Dei to, som kjem frå jobbar som sjukepleiar og førskulelærar, seier dei er blitt fenomentalt godt mottekne ved Sunndal vgs. - Vi kom til introduksjonsdagen med ønskje om å lære meir om organisasjonen og om kva mulegheiter og gjensidige forventningar som finst, seier dei.

 

Unikt samfunnsoppdrag
 Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik ønskte dei nytilsette velkommen i organisasjonen, og understreka at i Møre og Romsdal fylkeskommune er alle medarbeidarar like viktige – og alle har ei oppgåve å løyse:

- Vi har behov for deg for å løyse eit unikt samfunnsoppdrag, sa Guttelvik, og peika på at det er knapt nokon annan arbeidsplass i Møre og Romsdal som større betydning for utviklinga av regionen enn fylkeskommunen.