Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter > Kronprins Haakon til Borgund vgs

Kronprins Haakon til Borgund vgs

Kronprins Haakon besøkjer Borgund vgs torsdag 30. september. Han kjem til skulen i samband med opplæring i Dignity Day, der visjonen er å virkeleggjere den universelle retten alle menneskjer har til å leve verdige liv.

Kronprins Haakon - foto: Dimitri Koutsomytis - Det Kongelige Hoff

Sjølve Global Dignity Day går føre seg den 20. oktober. Global Dignity har som mål at flest mogleg av dei vidaregåande skulane skal arrangere dagen for sine elevar på 1. trinn. Prosjektet mobiliserer eit stor frivillig apparat frå MOT, Røde Kors og Frivillighet Norge. 
Alle skolane får tilbod om eksterne rettleiarar, som deltek i klasseromma under Global Dignity Day og ein ekstern frå Frivillighet Norge, som kan styre plenumsaktiviteten.
Global Dignity blei etablert i 2006 av H.K.H. Kronprins Haakon, Professor Pekka Himanen (Finland) og leiar av Operation Hope, John Bryant (USA). Alle tre er medlemmer av nettverket Young Global Leaders, som spring ut frå World Economic Forum. Global Dignity er ein uavhengig, ideell og politisk nøytral organisasjon.

Global Dignity sin visjon er å verkeleggjere den universelle retten alle menneske har til å leve verdige liv. Global Dignity har tre formål: Å fremme verdigheitsbasert leiarskap, å stimulere til ei global samtale om verdigheit – og å engasjere ungdom i tyding av verdigheit.

Hovudaktiviteten til Global Dignity er å leggje til rette for gjennomføring av Dignity Day på vidaregåande skolar den 20. oktober kvart år. Gjennomføringa har blitt global, og blei gjennomført i over 30 land  i fjor. Derfor namnet Global Dignity Day.

Global Dignity Day - "Et kurs i verdighet"
"Et kurs i verdighet" er eit 2 timar undervisningsopplegg for 1. trinn på vidaregåande, og ein rettleiar i korleis skape ein dialog med ungdom om tydinga av verdigheit som fundamentet i samfunnet.

Målet med kurset er å bevisstgjere ungdom på kva verdigheit er, korleis det gjeld oss alle og kva vi kan gjere for å auke eigen og andres verdigheit.
Kurset arbeider ut frå Global Dignitys fem verdigheitsprinsipp:
1. Alle mennesker har rett til å leve et verdig liv.

2. Et verdig liv er å kunne bruke sine ressurser som menneske. En forutsetning for dette er å ha tilgang til helsetjenester, utdanning, inntekt og sikkerhet.

3. Verdighet er å ha frihet til å ta avgjørelser og treffe valg som berører eget liv – og oppleve at denne rettighetten blir møtt med respekt.

4. Verdighet bør være det styrende prinsipp for alle handlinger.

5. Vår egen verdighet er gjensidig avhengig av andres verdighet.