Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter > Bratland fekk besøk frå heimkommunen

Bratland fekk besøk frå heimkommunen

Fylkesordførar Olav Bratland fekk onsdag besøk av ungdom frå heimkommunen Stordal.

Det var Stordal ungdomsråd som var på besøk i samband med at Stordal vart kåra til årets ungdomskommune 2009. Bratland gav tydeleg uttrykk for at han syntes det var særs hyggeleg at heimkommunen hadde fått utnemninga.

Under besøket fekk ungdomane frå Stordal og ei omvising på fylkeshuset og ei orientering om fylkeskommunen generelt og samferdselsavdelinga spesielt.

På bildet er frå venstre: Kjetil Holand Tøsse, Paul Ivar Fylling Støversten, Jarl-Anders Hjelle, Jonas Helland Johansen, Olav Bratland, Sofie Flaate Busengdal, Mats Rune Lilleås Larsen, Heløga Løset Skodjereite og Joakim Helland Helgesen.