Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Støtteseksjonar > Kommunikasjon

Kommunikasjon

Kommunikasjon

Kommunikasjonsseksjonen skal medverke til god intern og ekstern kommunikasjon i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kommunikasjonsseksjonen har arbeidsoppgåver i samspelet mellom
leiing og avdelingane i organisasjonen og ut mot media og omverda. Seksjonen er ein støttefunksjon for heile organisasjonen, og skal bidra til å sikre god:

  • Ekstern kommunikasjon
  • Intern kommunikasjon
  • Rådgiving og beredskap
  • Grafisk produksjon og rådgiving

Informasjon frå sentraladministrasjonen ut til media, skal gå via kommunikasjonsseksjonen. På denne måten sikrar vi ein tydeleg bodskap som er knytt til fylkeskommunen sin profil. Kommunikasjonsseksjonen sørger også for at utspel som går ut i media, blir kommunisert inn i organisasjonen og opp til leiinga både politisk og administrativt. Tilsette kan nytte kommunikasjonsseksjonen til å få rettleiing i kommunikasjon- og informasjonsfaglege spørsmål.

Oversikt over tilsette med ansvarsområde finn du i menyen til venstre. 

Kontaktpersonar

Inger Johanne Moene Inger Johanne Moene
kommunikasjonssjef
71 28 01 82 /
Mob. 472 84 003
Send e-post

Følg oss gjerne: