Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Reinhald

Her på Fylkeshuset utfører vi det meste av reinhaldet innanfor ordinær kontortid. Vi er derfor avhengige av eit godt samarbeid med kontorpersonalet slik at vi kan arbeide effektivt og du får ein trivelegare arbeidsplass.

Fellestenesta reingjer snart 23.000 kvm golvareal.

I 1998 la vi om reinhaldet slik at frekvensen i større grad enn før vert avgjort av bruken. Vanlege kontor vil etter denne planen få besøk av reinhaldaren ein dag i veka.

I regelen vil arealet bli vaska på same dag kvar veke. Det for at det skal bli lettare for kontorpersonalet å leggje tilrette for reinhald (t.d. ved å rydde pulten). Ein moppevaskar golv. Kor ofte dette skjer varierer frå stad til stad, alt etter kor mykje trafikk det er. Toalett og stadar med mykje inn-tråkk vert reingjort kvar dag.

I tillegg skal reinhaldaren sørge for high-speed handsaming / boning o.l. for å halde standarden på golva oppe. Tepperens / oppskuring går inn i tilbodet. Slike jobbar vert teke når kontor står ledige, unytta grunna ferie, sjukdom eller reiser. Så langt råd er vil dette skje i samarbeid med etatane.
Standarden på inneklimaet er i sterk grad avhengig av samarbeidet mellom reinhaldaren og kontorpersonalet. Sistnemde kan bidra med: Henge datakablar og andre leidningar slik at dei ikkje når golvet. Billeg utstyr for å få orden på dette får du ved vårt varelager. Overflødige sko, tomflasker m.m. på golvet aukar trivselen for hybelkaninane. Krimskrams i vinduskarmar hindrar effektivt støvtørking. Du bør og fjerne visne blad frå planter, dersom du har det.

Støvtørking/flekkfjerning

Dette inngår som ein del av det ordinære behovsprøvde reinhaldet. Reinhaldaren tek tilgjengelege flater til nå-høgd. Eit ryddig kontor vert eit reinare kontor.

Reinhaldaren tørkar over til dømes reolar dersom innhaldet vert rydda ut. Det er viktig å merke seg: Reinhaldaren har forbod mot å flytte på papir som ligg på skrivebord, hyller o.l., og skal ikkje reingjere kontorutstyr som PC’ar, kopimaskiner, fax, tegnebrett etc.

Vindusvask

Utvendig vindusvask vert utført av byrå ein gong i året. Det same skal reinhaldaren gjere på den innerste vindusflata, d.v.s. der vinduet er tilgjengeleg. Mange kontor er møblert slik at reinhaldaren må avtale ein liten ryddeaksjon for å få utført jobben. Innvendig vindusvask vert teke ved høve ein gong årleg. Vindusflatene inne i dobble vindu vert tekne ved behov.

Matavfall

Ved dei fleste avdelingane finn du ei raud bøtte til matavfall. Den vert tømt kvar fredag.

Avfallssortering

På ditt kontor finn du ei eske for å samle returpapir til gjenvinning i. Heftestift, binders o.l. treng ikkje fjernast. Det må derimot plastforsider på rapportar o.l. Denne eska vert tømt samtidig med reinhaldet.

Alt anna avfall skal i bosskorga. Dette kan vere kulepenner, binders, teposar, kaffe-grut, karbonpapir, plastomslag, isopor, glass, eingongsbeger gjennomfarga papir og tørkepapir. I kjellaren finn du eit sekkestativ for å kvitte deg med plastembalasje.

Nede i kjellaren står det containerar for dei ulike typene avfall. Når du ryddar kontoret eller har andre former for skippertak vonar vi du tenker på reinhaldaren og fraktar ned avfallet sjølv. Kvar einskild må ta ansvar for at papir som skal makulerast.

I kjellaren står ei stor makuleringsmaskin (NATO-godkjend) dersom du har trong for makulering. Døra er låst, så du må ha med deg nøkkelen din. Makuleringsmaskina er enkel å betene og uhyre effektiv. Det einaste som krevst i tillegg makuleringsprosessen er at du ryddar etter deg og sett fulle makulerings-sekkar ut til containerane for papir.

Ta gjerne kontakt med vår reinhaldsleiar Margrete Stenløs på tlf. 46 62 49 39 eller ass. reinhaldsleiar Britt Evy Tretnes på tlf. 41 21 42 45. Du kan også sende e-post til reinhald@mrfylke.no

Kontaktpersonar

Margrete A Stenløs
Kst. reinhaldsleiar
71 28 04 24
Send e-post
Britt Evy Tretnes
ass. reinhaldsleiar
41 21 42 45
Send e-post