Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Kvalitetsleiing - HMS > Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn er ei nasjonal sertifiseringsordning for miljøleiing

Når ei verksemd vil miljøfyrtårnsertifiserast, må den tilfredsstille relevante bransjekrav. Dette blir gjort i samarbeid med en godkjent miljøfyrtårnkonsulent. Konsulenten rettleiar verksemda gjennom arbeidet med sertifiseringa og hjelper med å finne gode og konkrete løysingar. Når arbeidet er fullført skal rapport sendast til ein uavhengig sertifisør. Sertifisøren er som oftast knytt til kommunen der verksemda ligg. Miljøfyrtårn har godkjent sertifisørar i dei aller fleste kommunane. Sertifiseringsprosessen kan ta frå 2 – 6 månader.

Verksender som er sertifiserte leverer inn ein årleg miljørapport til Miljøfyrtårn. Dette gir tilgang til relevante bransjetall og statistikkar. Verksemda må resertifiserast kvart 3. år.

Miljøfyrtårn sine bransjekrav gjeld på følgjande område:

  • Arbeidsmiljø
  • Helse, Miljø, Sikkerheit
  • Innkjøp
  • Energibruk
  • Transport
  • Avfalls- og utsleppshandtering
  • Miljøstyring og miljørapportering

Miljøfyrtårn og Møre og Romsdal fylkeskommune:

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for viktige samfunnsoppgåver som vidaregåande opplæring, vegbygging, vegvedlikehald, ferjedrift, kollektivtransport, tannhelse, kulturformidling og kulturminne. Fylkeskommunen er ein viktig regional utviklingsaktør, og samarbeider tett med andre offentlege og private aktørar i utviklinga av fylket. Fylkeskommunen ivaretek også grunnleggjande funksjonar i det politiske systemet og styrker folks inn verknad på samfunnsspørsmål som blir løyst på regionalt nivå.

Sentraladministrasjonen i fylket vart sertifisert som Miljøfyrtårn i 2006, og resertifisert i 2009. Prosessen med å sertifisere alle dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal er godt i gang, om lag halvparten er sertifisert  Fire av fem tannhelsedistrikt er miljøfyrtårnsertifiserte.

Målsettinga til fylkestinget er at alle einingar i Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere miljøsertifisert innan 2012 (U-sak 107/08).


Miljøundersøking i sentraladministrasjonen 2017

Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å arbeide systematisk for å betre arbeidsmiljøet og sikre eit reinare ytre miljø. Fylkestinget har også i Regional delplan for klima og energi vedtatt at fylkeskommunen skal legge klimaomsyn til grunn i all verksemd i eigen organisasjon

Les meir

Kontaktpersonar

Stephen Oommen Stephen Oommen
Miljørådgivar
71 28 02 19 /
Mob. +4746276273
Send e-post

Dokument

Miljøfyrtårnrapport 2016
PDF-dokument - 146,71 kB