Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Kvalitetsleiing - HMS > Kvalitetsleiing

Kvalitetsleiing

Hovedprinsippet i eit kvalitetssystem er at produktet eller tenesta skal ha lik prosesskvalitet, d.v.s. følgje like standardar og prosedyrar kvar gong.

På desse nettsidene vil vi legge ut informasjon om kvalitetssystemet i fylkeskommunen vår. Det er lagt opp til ein prosess som tek utgangspunkt i ISO 9000 tankegang.


Ny modul for risikovurdering

Rundt nyttår fekk vi installert ein ny modul for risikovurdering. Modulen er ein del av forbetrings- og avvikssystemet RiskManager, og vil mellom anna sikre at vi får utført dei lovpålagte risikovurderingane på ein veldokumentert og likearta måte i organisasjonen. Vi har no starta implementerings- og opplæringsprosessen.

Les meir

Nyttige erfaringar med Forbetrings- og avvikssystemet - Statusrapport

Kvalitetsstyringsarbeidet i organisasjonen har hatt to hovudfokus dei siste åra: Nytt forbetrings- og avvikssystem og lokal HMS-dokumentasjon på nett

Les meir

Vi har valt elektronisk avviks- og forbetringssystem

Møre og Romsdal fylkeskommune har signert avtale med Ålesund-firmaet Digital Kvalitet om kjøp av systemet RiskManager. Implementeringa vil starte no i haust, og vi reknar med å komme i drift med dei første einingane like over nyttår.

Les meir

Kvalitetsleiing - status ved inngang til 2013

Den viktigaste hendinga siste halvår innan kvalitetsstyring var at vi fekk nytt elektronisk forbetings- og avviksystem.  Vi er no inne i implementeringsfasen for dette i drift. Det andre større tiltaket var å få all HMS-dokumentasjonen over på nettsidene. Her er vi komme langt, men det er framleis fleire skolar som ikkje har lagt ut særleg med HMS-informasjon på desse sidene.

Les meir

Kvalitetsstyring - status ved årsskiftet

Ved årsskiftet er det tid for å gjere opp ein status over arbeidet med kvalitetsstyring som er gjort og trekke nokre linjer framover. Det er gjort nokre avklaringar og fokuset er retta mot nokre nøkkelområder.

Les meir

Halvårsstatus for arbeidet med kvalitetsstyring

Arbeidsgruppa for kvalitetsstyring har hatt to hovudfokus. Det første arbeidsområdet var retta generelt mot elektronisk baserte kvalitetsstyringssystem (i første rekke innan HMS), det andre arbeidsområdet har vore vurdering av elektronisk avvikssystem.

Les meir

Kontaktpersonar

Martin Hauge Martin Hauge
Seniorrådgivar
71 28 01 74 /
Mob. 957 43 270
Send e-post

Sju prinsipp for kvalitetsleiing

1. Brukarfokus. Organisasjonar er avhengige av kundane/brukarane og bør difor forstå gjeldande og framtidige brukarbehov. Organisasjonen skal oppfylle brukarkrava og strebe etter å overgå brukarane sine forventningar

2. Leiarskap. Leiarane etablerer felles mål og retning for organisasjonen. Dei bør skape - og halde ved like det interne miljøet som personellet kan engasjere seg fullt og heilt i, for å nå organisasjonen sine mål.

3. Personellet sitt engasjement. Personell på alle nivå er den vesentlegaste komponenten i ein organisasjon.  Deira fulle engasjement gjer det mogeleg for dei å utnytte sine evner til beste for organisasjonen.

4. Prosesstankegang. Vi kan nå ønska resultat meir effektivt når aktivitetar og tilhøyrande ressursar blir styrt som ein prosess

5. Kontinuerleg forbetring. Kontinuerleg forbetring av organisasjonen sin samla prestasjonsevne bør vere eit vedvarande mål for organisasjonen

6. Beslutningar basert på faktiske hendingar. Verknadsfulle avgjerdsler er basert på analyse av data og informasjon.

7. Gjensidig fordelaktig samarbeid med eksterne organisasjonar. Ein organisasjon og samarbeidspartnarane deira er avhengige av kvarandre, og eit gjensidig fordelaktig samarbeid forbetrar begge partane sin evne til å skape verdi.

(Frå ISO 9000 rammeverket - grunnprinsippa)

Arbeidsgruppe kvalitetsstyringssystem

Vi har sidan våren 2011 hatt ei arbeidsgruppe som vurderer vidare utvikling av kvalitetssystem.

Medlemmene i arbeidsgruppa er:

  • Martin Hauge (prosjekkoordinator)
  • Lidvard Lundanes (kvalitetsleiar Borgund vgs)
  • Kjersti Lyngvær (kvalitetsleiar Kristiansund vgs)
  • Stein Ove Lianes (Hovudverneombod),
  • Dagfinn Grønvik (IT)
  • Rune Opstad (Utdanning)
  • Morten Larsen (Tannhelse),
  • Leif Ståle Halås (Byve)
  • Eirik Jenssen (Juridisk avd.)

Dei første månadane urarbeidde gruppa ein kravspek og prototype for HMS-kvalitetsystem basert på eZPublish.

Sidan 2012 har vi fokusert mest på å få implementert eit avvikssystem som i første omgang vart nytta innan områda HMS og IT-tryggleik. Seinare har vi fått inn desse nye områda:

  • Innkjøpsavvik,
  • Tenestekvalitet Utdanning og
  • Generell forbetring.

Dokument

Kvalitetsstyring - presentasjon
PDF-dokument - 342,69 kB
Kvalitetsleiing - AGP
PDF-dokument - 851,39 kB