Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Helse- miljø og sikkerheit

Kva er HMS?

HMS oversiktsgraf

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er knytt til den viktigaste produksjonsfaktoren vår - dei tilsette i organisasjonen og kvaliteten på dei tenestene vi leverer.  For at brukarane våre skal få kvalitativt gode tenester i trygge omgivnadar, er det viktig at vi trivst med jobben og kan stole på at vi har eit trygt og godt arbeidsmiljø. HMS skal inngå i alle aktivitetar, frå langtidsplanlegginga til den daglege drifta. Også vern av det ytre miljø mot forureining og ei betre handtering av avfall skal ivaretakast gjennom HMS-systemet.

HMS-systemet er basert på eit rammeverk som er delt inn i 8 kapittel, under dette har vi lokale HMS system for dei ulike skolane, klinikkane og avdelingane. Desse lokale systema er basert på inndelinga i systemhandboka.

I Møre og Romsdal fylkeskommune skal forbetringsarbeidet innan HMS-området vere eit klart definert leiaransvar som skal kanaliserast mest mogleg gjennom kvalitetssystemet for HMS.

I menyen til venstre finn du meir informasjon om korleis HMS-systemet i fylkeskomunen er oppbygd og dei viktigaste informasjonselementa.


Kurs i SafeUse stoffkartoteksystem 7. september

Vi ønskjer velkommen til kurs i bruk av stoffkartoteket SafeUse 7. september på Borgund vgs. i Ålesund. Kursleiar blir vår superbrukar Ole Johan Dybvik frå Stamina Helse.

Les meir

Presentasjonane frå nettverkssamlinga 2. mai

I høgremargen på denne sida finn du presentasjonane som vart brukt på nettverkssamlinga 2. mai. 2018

Les meir

Kurs om vanskelege personalsaker og vanskelege samtalar

Andre veka i mai arrangerer vi to kurs om vanskelege personalsaker og vanskelege samtalar.  Kursa er uavhengige av kvarandre, sjølv om dei har beslekta tema. Begge kursa blir arrangert på Hotell Alexandra i Molde.

Les meir

Presiseringar i HMS-årshjulet

Gjennom HMS-årsrapporteringa ser vi at vi har noko forbetringspotensial i høve til særleg HMS-aktivitetane avvik, risikovurdering og handlingsplanar.

Les meir

HMS-årsrapport for 2017

HMS-årsrapporten er ein viktig styringsreiskap i HMS-arbeidet. Gjennom denne får vi ein status ved utgangen av året som gjekk, vi ser kvar vi har utfordringar og kvar vi er på rett veg. Årsrapporten gir viktige signal til eventuelle justeringar av dei sentrale HMS-måla vi har sett oss.

Les meir

Kurs i SafeUse stoffkartoteksystem 20. mars

Vi set opp eit nytt kurs i bruk av stoffkartoteket SafeUse 20. mars 2018 på kursrom A på fylkeshuset i Molde. Kursleiar blir vår superbrukar Ole Johan Dybvik frå Stamina Helse.

Les meir

Slutt på krav om stoffkartotek i papirutgåve

Frå 1. januar 2018 er det ikkje lenger krav om papirutgåve av stoffkartotek. Dette er ei endring som vil forenkle arbeidet med stoffkartotek i organisasjonen.

Les meir

Kurs i HMS-systemet og HMS-lovverket (HMS-kursmodul 2)

Den 28. februar og 1. mars inviterer vi til HMS kursmodul-2 på Hotell Alexandra i Molde. Kurset tek for seg HMS-systemet og HMS-lovverket, og er aktuelt for nye leiarar, verneombod og medlemmer i AMU/SAMU og andre i målgruppa som ikkje har gjennomført denne modulen dei siste 5 åra. 

Les meir

HMS-rapportering 2017 for tilsette og elevar

HMS-årsrapportane frå driftseiningane utgjer eit viktig kunnskapsgrunnlag for prioritering av tiltak og for å vidareutvikle og forbetre HMS-rutinane. Ut frå svara lagar vi ein sentral HMS-årsrapport. Fristen for innsending er sett til 19. januar 2018.

Les meir

Temadag om dei nødvendige og vanskelege samtalane

Den 29. november arrangerte personalseksjonen eit kurs med fokus på planlegging, gjennomføring og oppfølging av nødvendige og vanskelege samtalar.  Kursleiar denne dagen var psykolog Roar Eriksen.

Les meir

Kontaktpersonar

Dag Lervik Dag Lervik
Personalsjef
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post
Martin Hauge Martin Hauge
Seniorrådgivar
71 28 01 74 /
Mob. 957 43 270
Send e-post
Richard David Anthony Muller Richard David Anthony Muller
Rådgivar
71 28 01 73
Send e-post
Iver Kåre Mjelve Iver Kåre Mjelve
Rådgivar
71 28 01 52 /
Mob. 976 92 994
Send e-post
Stein Ove Lianes
Fylkeshovedverneombud (FHVO)
Mob. 901 53 623
Send e-post

Arbeidsmiljøloven - krav til HMS

§ 3-1.Krav til systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid

(1) Grunnlag

For å sikre at hensynet til arbeidstakers helse, miljø og sikkerhet blir ivaretatt, skal arbeidsgiver sørge for at det utføres systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid på alle plan i virksomheten. Dette skal gjøres i samarbeid med arbeidstakerne og deres tillitsvalgte.

(2) Systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid innebærer at arbeidsgiver skal:

a) fastsette mål for helse, miljø og sikkerhet,
b) ha oversikt over virksomhetens organisasjon, herunder hvordan ansvar, oppgaver og myndighet for arbeidet med helse, miljø og sikkerhet er fordelt,
c) kartlegge farer og problemer og på denne bakgrunn vurdere risikoforholdene i virksomheten, utarbeide planer og iverksette tiltak for å redusere risikoen,
d) under planlegging og gjennomføring av endringer i virksomheten, vurdere om arbeidsmiljøet vil være i samsvar med lovens krav, og iverksette de nødvendige tiltak,
e) iverksette rutiner for å avdekke, rette opp og forebygge overtredelser av krav fastsatt i eller i medhold av denne lov,
f) sørge for systematisk arbeid med forebygging og oppfølging av sykefravær,
g) sørge for løpende kontroll med arbeidsmiljøet og arbeidstakernes helse når risikoforholdene i virksomheten tilsier det, jf. bokstav c,
h) foreta systematisk overvåking og gjennomgang av det systematiske helse-, miljø- og sikkerhetsarbeidet for å sikre at det fungerer som forutsatt.
(3) Departementet kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om gjennomføringen av kravene i denne paragraf, herunder om krav til dokumentasjon av det systematiske helse-, miljø- og sikkerhetsarbeidet.