Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Kvalitetsleiing - HMS > Elev-arbeidsmiljø

Stockphoto

Elevane sitt arbeidsmiljø

Skolane skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Skolane skal også  etter § 9A-3 arbeide kontinuerleg og systematisk for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane. 

Denne elevhandboka gir nokre føringar for det lokale arbeidet med skolemiljø på dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune. I tillegg til Opplæringslova har skolane også føringar etter Forskrift for miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.  

Miljøretta helsevern 

Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar m.m., kap. 2, inneheld m.a. følgjande reglar:

  • Skoleeigar skal sjå til at det er etablert eit internkontrollsystem ved skolen (§ 4).
  • Rektor skal - med dei avgrensingar som følgjer av teieplikta – sørgje for at det uoppfordra blir gitt relevant informasjon til føresatte og/eller elevane om forhold ved skolen som kan ha negativ innverknad på helsa (§ 5).
  • Rektor har plikt til å varsle elevar og føresette om budsjettvedtak som får betydning for skolemiljøet.
  • Leiinga ved skolen har plikt til å skape eit godt og trygt miljø for elevane, med spesiell vekt på førebygging. Planlegging og drift av verksemda skal førebyggje skader og ulykker, og skolen skal ha rutinar og utstyr for handtering av ulykker og farlege situasjonar. Rutinane og sikkerhetsutstyret skal vere kjent for alle, også elevane. Skolen skal ha førstehjelpsutstyr i tilstrekkeleg mengde og av tilfredstillande standard. Leiinga skal sørgje for at alle tilsette er kjent med kor utstyret blir oppbevart, og korleis førsthjelp blir ytt.
  • Leiinga ved skolen skal medverke til at miljøet i skolen fremmar helse og trivsel. Areal som er i dagleg bruk skal reingjerast forsvarleg, og uteareal og tekniske anlegg skal reingjerast etter behov. Det skal gjerast hovudreint innandørs kvart år. Planlegging og drift av verksemda skal sørgje for at risikoen for spreiing av smittsame sjukdomar bli så liten som praktisk muleg. Skolen skal ha eit tilfredsstillande inneklima.

Sosial- og helsedirektoratet har laga ein omfattande rettleiar til forskrifta.

Kvar enkelt skole skal ha si eiga lokale elevhandbok som ivaretek lovverket med omsyn på skolemiljøet. 

Du skal i utgangspunktet melde saker som omhandlar skolemiljøet direkte til skolen. Dersom det er mistanke om at nokon i leiinga krenkar ein elev kan du ta direkte kontakt med skoleeigar: 9a@mrfylke.no  

Systemet består av eit grunnlagsdokument for lova og tolkingar av denne og av elevhandboka med tilhøyrande prosedyrer for skolane. Systemet skal evaluerast med bakgrunn i tilbakemeldingar frå skolane.  

Kontaktpersonar

Kristin Glæstad Vonheim Kristin Glæstad Vonheim
Rådgivar
71 28 04 05 /
Mob. 936 85 610
Send e-post

Dokument

Grunnlagsdokument skolemiljø
PDF-dokument - 432,27 kB