Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Arbeidsgivar HR > Pensjon/Forsikring > Personforsikringar

Personforsikringar

Fylkeskommunen har alle sine personforsikringar i KLP. Her kan du lese meir om kva forsikringane dekkjer, og kva du skal gjera dersom det skjer ei skadehending.

Forsikringane er i samhøve med lov om yrkesskadeforsikring og §§ 10 og 11 i Hovedtariffavtalen, og inngått forsikringsavtale mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og KLP Skadeforsikring, og omfattar:

  • Gruppelivsforsikring:
    gir erstatning til etterlatte dersom du døyr.
  • Yrkesskadeforsikring:
    gir erstatning dersom du blir arbeidsufør, invalid eller døyr som følgje av arbeidsulykke eller yrkessjukdom.
  • Ulykkesforsikring i fritida:
    gir erstatning ved invaliditet og død som følgje av ei ulykke i fritida.

For fullstendig informasjon om forsikringsdekningane viser vi til dokumenta i forsikringsavtalen og gjeldande forsikringsvilkår.

Når blir du meldt inn og ut av forsikringsordningene?

  • Nye arbeidstakarar er med i ordninga frå tilsetjingsdato.
  • Arbeidstakarar som sluttar eller går over på alderspensjon går automatisk ut av ordninga den dagen dei sluttar i jobben.
  • Uførepensjonistar er omfatta av gruppelivsforsikringene fram til dei når aldersgrensa for stillinga dei hadde.

Forsikringspremien
Alle premier blir betalt av fylkeskommunen. Beløpa finn du på lønnsslipp og årsoppgåve.

Forsikringssum
Er det beløpet som utbetalast ved skade. Det skal være i medhald av den gjeldande tariffavtale/lov om yrkesskadeforsikring.

Ved skadehending

  • Du må sende melding om skade / sjukdom / død til den næraste personalansvarlege utan ugrunna opphald. Personalansvarleg vil sørgje for at saka blir meldt vidare til KLP Skadeforsikring, NAV med fleire.
  • I samband med dødsfall eller uførleik er det også viktig å ta kontakt med den aktuelle pensjonsordningen og NAV med tanke på spørsmål om eventuell etterlattepensjon, barnepensjon, uførepensjon og så vidare.
  • Dersom du treng å ta direkte kontakt med KLP Skadeforsikring, finn du telefonnummer og e-postadresser på siste side i brosjyren.