Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Arbeidsgivar HR > Nyheiter > Regionreform og endringsprosessar var tema på personalseminar

Personalseminar: Regionreform og endringsprosessar

20. juni 2017 inviterte fylkesrådmannen dei tilsette i sentraladministrasjonen til personalseminar. Hovudtema denne gonga var regionreforma og endringsprosessar. 

Om lag 200 tilsette i sentraladministrasjonen deltok på personalseminaret.

Alle foto: Elin J. Lyngstad

Det er no bestemt at Møre og Romsdal skal fortsette som eige fylke. Fylkesplansjef Ole Helge Haugen oppsummerte status for regionreforma, slik den ser ut i dag. Kommunane Rindal og Halsa ønsker å gå over til Trøndelag. Hornindal vil søke samanslåing med Volda, og slik bli ein del av Møre og Romsdal.

Endeleg avgjerd etter stortingsvalet

Det er allereie bestemt at fylkeskommunane skal behalde den offentlege tannhelsetenesta. Tidlegare var det planar om å flytte denne oppgåva til kommunane. –Det er Stortinget som bestemmer grensene, og Regjeringa som har ansvar for oppgåvefordelinga, sa Haugen. Det er sett ned eit ekspertutval som skal vurdere regionane sine oppgåver. –Resultatet av regionreforma, og kven som slår seg saman med kven, veit vi ikkje før etter stortingsvalet i haust, sa Haugen. Du finn presentasjonen til Ole Helge Haugen i menyen til høgre.

Ottar Brage og Ole Helge svarar på spørsmål frå salen om regionreforma

Kva kan vi lære av scenekunsten?

Korleis bør vi planlegge å gjennomføre endringar i ein organisasjon? Karl Hanseth har arbeidd i SAS og Riksteateret, og er no teknisk direktør ved Den norske Opera og Ballett. – Det er overraskande få skilnader mellom organisasjonar som SAS, Operaen og Riksteateret.  

–Scenekunsten har ei ekstrem haldning til tidsfristar. Når dagen har kome, går sceneteppet opp. Uansett. Det er svært sjeldan at ei førestilling blir avlyst eller utsett,  fortalte han. –Kvifor? Alle som arbeider med ein produksjon, veit når det skal vere ferdig. Vi snakkar om ekstrem samhandling. Omgrepet utsetting finns ikkje, sa Hanseth.

- Har du sagt det?

Hanseth fortalte at alle verksemder må frå tid til anna gjennom endringar. Vi møter stadig nye krav og utfordringar. –Generelt er vi menneske gode på å takle endringar, sa Hanseth. Endringar som er planlagde, forankra,  godt kommunisert og godt forberedt, vil bli opplevd som ein suksess. – Det er få endringar som ikkje har lykkast, men av og til brukar vi meir energi for å kome i mål.

Han fortalte at vi ofte er redde for konfliktar på arbeidsplassen. –Som medarbeidar har du plikt til å seie kva du meiner, og ein god leiar bør legg opp til at det er eit godt ytringsklima på arbeidsplassen. Hanseth meinte også at det er viktig med eit sanksjonsfritt arbeidsmiljø. –Det er viktig å trene på at det ikkje er så farleg at vi gjer feil. Blir vi redde for å gjere feil, blir dette eit hinder for endring. Dersom ingen tør og ta på seg nye oppgåver, eller prøve noko nytt, blir det vanskelegare å kome i mål.

- Kor skal vi?

Det er også viktig å fortelje når vi ikkje veit kor vi skal fortalte Hanseth. For å få til god samhandling i endringsprosessar er det fleire ting som må vere til stades. – Alle må vite kvar vi skal, kva er målet?, fortalte han. Elles er det viktig med eigenskapar som kunnskapsdeling og evne til å «kompromisse». –Ting går sjeldant slik som vi har planlagt. Er vi forberedt på dette og har forståing og vilje til at ting må endrast på, blir det mykje enklare, sa Hanseth. – Endring kan føre til at ting blir betre. Vi likar nye ting, men er samstundes litt skeptiske av natur. Nordmenn kan bli flinkare til å ta gledene på forskot. Er du usikker på framtida? Hugs at dei som drar først, også kjem først fram, sa Hanseth.

Bilde av Karl Hanseth
Tips til gjennomføring av endringsprosessar:
  • Det vi snakkar om, blir vi betre på.
  • Hugs at endringsleiing kjem i tillegg til oppgåvene du har frå før, våg å prioritere oppgåvene dine.
  • Det går alltid bra til slutt. Apparatet rundt, med ulike utval, tillitsvalde, verneombod og liknande, vil sørge for at sluttresultatet blir bra.
  • Formelle prosessar (t. d. høyringar),  vil vere med på å kvalitetssikre planane og avdekke ev. manglar.
  • Sett av tid til lage møteplassar. Lag arenaer for informasjonsutveksling.