Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Arbeidsgivar HR > Nyheiter > Personalseminar med humor og alvor

Personalseminar med humor og alvor

Regionreform, regional utvikling, livskvalitet og helse var tema då fylkesrådmannen samla sentraladministrasjonen til personalseminar denne veka.

Fylkeskommunen med dagens organisering har i år eksistert i 40 år, og fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik innleia seminaret med å trekke dei historiske linjene for korleis vår rolle og oppgåver har endra seg i løpet av desse åra. –Vi har gått i frå å til å løyse store drifts- og forvaltningsoppgåver, til å bli ein stor og viktig regional utviklar, sa Guttelvik.   

Saman med fylkesplansjef Ole Helge Haugen gav han oss ei analyse av kva innverknad den foreslåtte regionreforma vil ha for vår rolle og våre oppgåver.

Rådgivar i Kristiansund kommune Helge Hegerberg presenterte eit stykke god industrihistorie om Møre og Romsdal, og sette fokus på kva moglegheiter olje og gass og havrommet gir regionen framover. I sitt innlegg utfordra Hegerberg oss mellom anna på at fylkeskommunen må vere ein god regional planleggar, satse på næringsutvikling og nye teknologiar.   

Til slutt serverte Magnar Kleiven, lege og foredragshaldar, eit humoristisk foredrag om korleis vi kan tenke oss friske. Han sa mellom anna «Livskvalitet er å våkne om morgenen og glede seg til å stå opp. Du vel sjølv det livet du vil leve».

 

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik

Magnar Kleiverud

Magnar Kleiverud

Helge Hegerberg

Helge Hegerberg