Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Arbeidsgivar HR > Nyheiter > Personalseminar for tilsette i sentraladministrasjonen

Kontaktpersonar

Nils Gunnar Solli Nils Gunnar Solli
Organisasjonssjef
71 28 01 60 /
Mob. 913 28 067
Send e-post

Personalseminar for tilsette i sentraladministrasjonen

20. juni 2017 inviterer fylkesrådmannen dei tilsette i sentraladministrasjonen til personalseminar i bankettsalen på hotel Alexandra. Seminaret er ei oppfølging av tidlegare samlingar i 2015 og 2016.

Seminaret har ei tidsramme frå kl. 09.00 - 13.00. Hovudtema er framleis regionreforma og endringsprosessar.

Med forankring i fylkeskommunen sin eigen arbeidsgivarpolitikk ønsker fylkesrådmann å samle tilsette for å jobbe med kultur- og identitetsbygging på tvers av avdelings- og faggrenser. Fylkesrådmann legg til grunn av alle så langt som mulig deltek. Det blir derfor ikkje lagt opp til påmelding. Dei som ikkje kan delta grunngir dette og gjer avtale med næraste leiar.

Program

09.00-09.15 Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik ønsker velkomen
09.15-09.45  Regionreforma - framlegg til ny regionstruktur og klargjering av oppgåvefordeling
v/fylkesplansjef Ole Helge Haugen og fylkesrådmann Ottar B. Guttelvik
10.00-12.00  Heilskepleg leiing i endringsprosessar
v/Karl Hanseth, teknisk direktør ved Den norske Opera og Ballett
12.00-13.00 Lunsj