Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Arbeidsgivar HR > Nyheiter > Introduksjonsdag for nytilsette 2017

Kontaktpersonar

Dag Lervik Dag Lervik
Personalsjef
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post
Marianne Bye Marianne Bye
Rådgivar
71 28 01 76
Send e-post

Dokument

Presentasjonar introdag felles del
PDF-dokument - 1,23 MB
Presentasjon tannhelse
PDF-dokument - 1,15 MB
Presentasjon utdanning
PDF-dokument - 1,37 MB
Presentasjon sentraladministrasjonen
PDF-dokument - 2,39 MB

Introduksjonsdag for nytilsette 2017

Årleg gjennomfører Møre og Romsdal fylkeskommune ein introduksjonsdag for nye medarbeidarar i organisasjonen. Det var 120 deltakarar på årets samling, som fann stad på Hotel Alexandra i Molde.

Om lag 120 deltok på introduksjonsdagen

Dei nye medarbeidarane var inviterte for å få kunnskap om organisasjonen og verdigrunnlaget til fylkeskommunen.

Alle vart ønskt velkommen av assisterande fylkesrådmann Willy Loftheim, som fortalte om mangfaldet av oppgåver og tenester som fylkeskommunen arbeider med. Etterpå var det tid for introduksjonsfilm om fylkeskommunen, etterfulgt av ein quiz for å teste kunnskapane om organisasjonen i salen.

Organisasjonssjef Nils-Gunnar Solli hadde ein presentasjon av organisasjonsavdelinga, før personalsjef Dag Lervik snakka om fylkeskommunen som arbeidsgivar. Her fekk dei presentert arbeidsgivarpolitikken og diskuterte oppgåver i grupper.

Siste innlegg på fellesdelen vart presentert av kommunikasjonssjef Inger Moene og IT-sjef Dagfinn Grønvik. Her vart kommunikasjonsstrategien presentert, med vektlegging på nettressursar og sosiale medium, og dei vart presentert for IT-system, samhandling og sikkerheit. 

Bilde av Ass. fylkesrådmann Willy Loftheim som ønskar velkommen

Ass. fylkesrådmann Willy Loftheim

Bilde av introduksjonsfilm om Møre og Romsdal fylkeskommune

Ingrid W. Larsen viste introduksjonsfilm om fylkeskommunen