Kontaktpersonar
Dokument
Introduksjonsdag - Ver ein tydeleg medspelar
Den årlege introduksjonsdagen 21. september samla 100 nytilsette på Hotel Alexandra i Molde. Dei nye medarbeidarane var inviterte for å få kunnskap om organisasjonen og verdigrunnlaget til fylkeskommunen.
Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik opna og fortalte litt om kva som kjenneteikna fylket vårt og fylkeskommunen som arbeidsplass. – Vi er det største næringslivsfylket i landet, og vi er eit fylke med stor vekstkraft, sa Guttelvik.
Ein tydeleg medspelar
Fylkesrådmannen snakka om kva som blir forventa av deg som ny arbeidstakar.
–Kvart år tilsett vi mellom 2- 300 nye medarbeidarar. Kva er det vi forventar av denne personen? I dag skal du få eit større innblikk i den store organisasjonen du er ein del av, og du vil bli bedt om å reflektere over di rolle som medarbeidar i Møre og Romsdal fylkeskommunen, fortsette han.
Fellesnemnaren for alle som er tilsett, om det er innan for skole, tannhelse eller sentraladministrasjon, er at vi skal vere ein tydeleg medspelar. –Vi skal vere tydeleg og vi skal vere ein medspelar, sa fylkesrådmannen. Han ba alle om å behandle alle med respekt, og om å tenke på rolla si.
Kven veit mest om fylkeskommunen?
Rådgivar Ingrid Walstad Larsen viste ein introduksjonsfilm om Møre og Romsdal fylkeskommune, som er ein del av e-læringa for nytilsette. I denne filmen kom det fram ein del fakta og tal om fylkeskommunen. Etterpå var det tid for testing og Kahoot!-qui. Her var det spørsmål om alt frå namnet til fylkesordføraren, talet på vidaregåande skolar og visjon.
Fylkeskommunen som arbeidsgivar
Neste innlegg var ved personalsjef Dag Lervik. Han tok for seg hovudtrekka i arbeidsgivarpolitikken, visjon, verdigrunnlag, medarbeidarskap. Etterpå vart alle utfordra til å reflekter åleine og i grupper. – den viktigaste ressursen er menneska i organisasjonen, sa Lervik.
Kommunikasjon og IT
Informasjonssjef Inger Johanne Moene fortalte om kommunikasjonsstrategien, med spesielt vekt på nettressursar og sosiale media. – I kommunikasjonsstrategien og i handboka i kommunikasjon, vil de finne råd og tips til kva for kanalar de skal bruke, og ei oversikt over ansvar og organisering av kommunikasjonsarbeidet, sa Moene.
IT-sjef Dagfinn Grønvik fortalte om samhandling og sikkerheit innanfor IT-området. IKT- samhandling, epost, kalender og adressebok, samordna kommunikasjon, dokumentsamhandling i Alfresco. Dei tilsette vart også vist dei ulike ressursane som ligg på intranett, og dei vart oppfordra til å vere varsam når det gjeld data og sikkerheit. – Husk å låse pc-en når du går frå pulten din, og ver obs på e-postar som verkar mistenkelege, sa Grønvik.
Etter eit felles program før lunsj, vart deltakarane i løpet av den siste delen av dagen, delt opp i grupper for utdanning, tannhelse og sentraladministrasjon. Her hadde kvar gruppe eige opplegg retta mot avdelinga dei er tilsette i.
Her finn du program for introduksjonsdagen 2016
Oppdatert: 23.09.16