Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Arbeidsgivar HR > Arbeidsgivarpolitikk > Samarbeidsorgan > Drøftingsmøter utdanning

Drøftingsmøte utdanning

Arbeidsgivarfunksjonen som integrert del av kjerneverksemda

Illustrasjonsfigur

Møre og Romsdal fylkeskommune har medråderett som ein av sine kjerneverdiar. Involvering av tilsette og tett samhandling med tillitsvalte gjennom regelmessige orientering- og drøftingsmøte er eit viktig grunnlag for å sikre kvalitet og utvikling på våre tenesteområde.

Merksemd på initiering og utvikling av arbeidsprosessar og kompetanse

Møre og Romsdal fylkeskommune legg gjennom fornying av arbeidsgivarpolitikken vekt på å utvikle tydlegare koplingar mellom arbeidsgivarområdet og organisasjons- og tenesteutviklinga. Alle aktivitetar på arbeidsgivarområdet må inngå som ein naturleg og integrert del av kjerneverksemda for fylkeskommunen. 

Vi skal vere profesjonelle på personalforvaltning, ha gode system og rutinar. Våre system og arbeidsmåtar innafor personalforvaltningsområdet må likevel i sterkare grad gå hand i hand med leiing og medarbeidarutvikling som ein del av sjølve kjerneverksemda.

Medråderett

Tillitsvalte sin rolle, og måten vi arbeider med medråderett, blir utfordra i forhold til dette. Tillitsvalte må i sterkare grad inn som ”utviklingspartnar” i arbeidsprosessar der dette blir balansert i forhold til den meir tradisjonelle tillitsvaltsrolla som ”ekspert/fullmektig/forhandlar”. Saman skal leiarar, tillitsvalte og tilsette utvikle og tilby best moglege kvalitative tenester og alle våre aktivitetar må understøtte dette.

Kontaktpersonar

Erik Brekken Erik Brekken
Fylkesutdanningssjef
71 28 03 70 /
Mob. 481 31 291
Send e-post
Iver Kåre Mjelve Iver Kåre Mjelve
Rådgivar
71 28 01 52 /
Mob. 976 92 994
Send e-post
Kari Gagnat Kari Gagnat
Rådgivar
71 28 01 98 /
Mob. 995 31 235
Send e-post
Preben Geir Irvung Preben Geir Irvung
Personalsjef
71 28 04 58 /
Mob. 482 05 539
Send e-post
Kariann D. Flovikholm Kariann D. Flovikholm
Ass. fylkesutdanningssjef
71 28 03 80 /
Mob. 901 84 384
Send e-post