Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Arbeidsgivar HR > Arbeidsgivarpolitikk > Rekruttering > Stillings- og behovsanalyse

Dokument

Mal for stillings- og behovsanalyse
DOC-dokument - 706,00 kB

Stillings- og behovsanalyse

Ein tydeleg medspelar

 

Rekruttering – til Møre og Romsdal fylkeskommune

  • Stillings- og behovsanalyse
  • Førebuing til rekruttering av ny medarbeidar, utlysing av ledig stilling – eventuell organisasjonsendring
Rekruttering i Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune er tydeleg medspelar til samfunnsutviklinga i regionen og ein attraktiv arbeidsgivar for høgt utdanna og godt kvalifiserte søkjarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal framstå med høg kvalitet og profesjonalitet i rekrutteringsarbeidet.

I rekrutteringsarbeidet er nettsida og intranett god kjelde til informasjon om arbeidsgivar og om rekrutteringspolicy og verkty for rekruttering.

Det er venta at tilsettingsutval og alle andre som tek del i rekrutteringsprosess er medviten vår felles visjon EIN TYDELEG MEDSPELAR og våre felles verdiar– RESPEKT, LIKEVERD, OPENHEIT, MEDRÅDERETT, FELLESSKAPSANSVAR – som grunnlag for alle vurderingar og haldningar i rekrutteringsarbeidet.

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein attraktiv arbeidsgivar.

I rekrutteringsprosessen får vi vist oss fram som attraktiv arbeidsgivar.

Rekruttering er val av ny medarbeidar.

Annonseteksta er vårt første møte med ny medarbeidar.

Intervjuet er møteplassen der vi som arbeidsgivar får informasjon om søker, men og der søker får et nærare inntrykk av oss.

Rekruttering krev kompetanse og gode spilleregler https://mrfylke.no/Organisasjon/Arbeidsgivar-HR/Arbeidsgivarpolitikk/Rekruttering

Formelt grunnlag i rekrutteringsarbeid:

http://www.lovdata.no/all/alfab.html

  • Arbeidsmiljøloven, kap. 9, 13 og 14.
  • Lov om innsyn i dokument i offentleg verksemd (Offentlegloven), kap. 3
  • Forvaltningsloven, kap. I, II og III
  • Likestillingsloven
  • Diskrimineringsloven
  • Hovudtariffavtalen
  • Hovudavtalen

Stillings- og behovsanalyse

Før ei stilling blir lyst ledig, skal arbeidsgivar/tilsetjingsorganet gjennomføre analyse av kva for ansvar, plass i organisasjonen og oppgåver stillinga skal ha. Det er vidare viktig å kartlegge kva for kompetanse som er i organisasjonen før ein etterspør ny kompetanse. Jfr. Tilsetjingsreglement pkt. 5.1 og Stillingsanalyse, sjå under: http://mrfylke.no/Intranett/Arbeidsgivar-HR/Lov-Avtale-Reglement/Reglement/Tilsettingsreglement/Tilsetjingsreglemen#5.

Stillings-og behovsanalyse handlar om å teikne eit bilete av kva du som arbeidsgivar er ute etter.

Vi skal vite kva vi skal sjå etter. Kompetanse, erfaring, leiarkompetanse eller personleg dugleik kan kome i mange forskjellige innpakningar, det er av den grunn viktig å vere medviten akkurat kva vi leiter etter.

Stillings- og behovsanalyse er kartet vi skal navigere etter igjennom heile rekrutteringsprosessen.

Behovet for analyse kan oppstå når ein person sluttar, eller på grunn av nye fagområde eller ny teknologi. Likeeins kan behov for analyse dukke opp under endring, til dømes når to verksemder blir slått saman, eller når marknaden endrar seg.  Eit rekrutteringsbehov kan melde seg av mange ulike grunnar.

Verkty

Kompetanse- og rekrutteringssjekken (strategisk tilnærming)
http://mrfylke.no/Intranett/Arbeidsgivar-HR/Arbeidsgivarpolitikk/Leiar-og-medarbeidarutvikling/Kompetanse/KOMPETANSE-OG-REKRUTTERINGSSJEKKEN

 

Sjekkliste fram til og med utforming av utlysings-/annonsetekst 

http://mrfylke.no/Intranett/Arbeidsgivar-HR/Arbeidsgivarpolitikk/Rekruttering/Sjekkliste-fram-til-og-med-utforming-av-utlysings-annonsetekst