Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ny medarbeidar - sjekkliste

Denne nettsida er laga for deg som  skal begynne i ny jobb i Møre og Romsdal fylkeskommune.  Du skal kunne forvente at du blir godt motteken og får ein start som gjer deg i stand til å trivast og utføre oppgåvene dine raskt. Vi har difor laga ei generell sjekkliste for kva du skal kunne forvente den første tida etter at du er tilsett.

Under finn du ein oversikt over kva du kan forvente av arbeidsgivaren før du begynner og den første tida etter at du er tilsett.

rekruttering-1
avtale
opplæring
planlegging
omdømme2
Før du begynner Første arbeidsdagen, velkomst 0-2 månader, introduksjon 2-6 månader, oppfølging Innan 6 månader - felles introduksjonsdag

Før du begynner

Før du begynner skal arbeidgivaren klarere følgjande

  • E-post info om at NN startar til avdelinga og sentrale kontaktpersonar,
  • Opprette telefon
  • Datatilgang til dei IT-verktøya du skal bruke
  • Fadder (der slik ordning er etablert)
  • Gjere arbeidsplassen klar
  • Namneskilt, nøkkel, tilgangskort (der det er påkrevd)
  • Velkomstinformasjon:
    • Rettleiing om kvar ein finn aktuell informasjon om organisasjonen (nettbasert informasjon)
    • Det som er spesifikt for eininga/avdelinga
  • Informasjon om lokalsamfunn (og nasjonale forhold til utanlandske arbeidstakarar)
  • Avklare behov for særskilt tilrettelegging på arbeidsplassen
  • Politiattest der det er krav om dette

Den første arbeidsdagen

Her skal du bli ønskt velkommen og få:

  • Bli presentert for kollega og kva dei arbeider med (heile avdelinga)
  • Helse på nøkkelpersonell, bli kjent med lokala, kantine osv
  • Informasjon om sosiale aktivitetar, avdelingskulturen, daglege rutinar
  • Kort presentasjon av avdelinga sitt virkeområde
  • Leiaren presenterer seg sjølv – rollen, korleis samhandlar vi hos oss, gjensidige forventningar
  • Den tilsette blir presentert for sine framtidige arbeidsoppgåver. (Kfr Rutiner for Intern Kunnskapsoverføring ved driftseininga. Notat frå dei som har hatt arbeidsoppgåvene etc.)
  • Informere om brannrutinar og rømningsvegar
  • Signere teieplikterklæring
  • Skattekort og lønnsmelding til lønningskontoret.
  • Utanlandske arbeidstakarar må registrerast på nærmast lensmannskontor for å få arbeids- og opphaldsløyve, må søke om skattekort og personnummer hos skatteetaten

Dei to første månadene

I løpet av dei to første månadene kan du forvente å få kunnskap om organisasjonen og meir spesifik informasjon om sektoren og faget:

  • Introduksjon av fylket sin organisasjon, politisk styringsstruktur (visjon, verdiar, arbeidsgivarpolitisk plattform, etikk – fokus på identitet)
  • Bedriftskultur - korleis skal vi framstå som representantar for fylket, formidle ein bedriftskultur som vil skape tillit i omverden (refleksjon om ”korleis ter vi oss og korleis kler vi oss”)
  • Samspelet med omverda – nettverk, sentrale samarbeidspartar, forståing av eigen organisasjon si rolle på desse arenaene
  • Fagleg introduksjon, arbeidsrutine-/prosessar, sette den tilsette i stand til å løyse oppgåvene
  • Kurs og opplæring i fagprogram, skjema (Ephorte, opus, notes, med meir)
  • Opplæring i lokalt brannvern (rømingsvegar, brannslukkingsutstyr, melderutiner, etc)
  • Arbeidsgivarpolitikk og tilsettingsvilkår (vise kvar ein finn nettbaserte ressursar):
    • HMS/amu/medråderett
    • Arbeidstid
    • Medarbeidarutvikling – ”Fylkesakademiet”, kompetanseutvikling/karriereutvikling
    • Livsfasepolitikk
    • Forsikringsordning, pensjon

Mellom andre og sjette månad - oppfølgingssamtale

  • Vurdere om du har behov for oppfølging, kurs/opplæring.
  • Kunnskapsoverføring. (Kfr Rutiner for Intern Kunnskapsoverføring ved driftseininga. Refleksjonsnotat frå den nytilsette etc.)

Felles introduksjonsdag for nye medarbeidarar kvart halvår

  • Introduksjon av regionalpolitisk nivå og staten i regionen: demokratiske styreprinsipp ved administrativ toppleiing (”mål- og rammestyring”)
  • Kva er samfunnsoppdraget vårt – kort introduksjon av dei ulike tenesteområda til Møre og Romsdal fylke (nøkkeltal m.v.)
  • Visjon ein tydeleg medspelar
  • Verdigrunnlaget vårt – norm for handling: respekt, likeverd, medråderett, open org., fellesskapsansvar, rettstryggleik, etisk grunnlag – gi innhald
  • Kommunelov og anna lovgrunnlag
  • Roller; regional utviklingsaktør
  • Krav til kvar tilsett; handlingsrommet, profesjonalisering
  • Plattform for leiing og medarbeidarutvikling - kompetente og myndiggjorte medarbeidarar, utviklingsfokus, (refleksjon over eigen praksis)
  • Informasjons- og kommunikasjonsstrategi
  • brukarorientering, tovegskommunikasjon, open forvaltning (offentleglov/forvaltningslov)
  • forholdet til media
  • Verkstad – ”identitet og omdømme”:
    Case : Etisk dilemma / når er eg ein tydeleg medspelar med grunnlag i verdigrunnlaget vårt og som kompetente medarbeidarar
    Case med utg.pkt i bransje/fagområde –