Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Arbeidsgivar HR > Arbeidsgivarpolitikk > Rekruttering > Introduksjon og prøvetid > Innføring av prøvetid ved tilsetjing i Møre og Romsdal fylkeskommune

Innføring av prøvetid ved tilsetjing i Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune tek i bruk prøvetid. Ordninga med prøvetid vil gjelde alle som tek til i stilling etter 31.7.2014.

PRØVETID

Innføring av prøvetid handlar om å sikre ein god introduksjon[1] i Møre og Romsdal fylkeskommune. Ordninga  inneber eit sterkare krav til lokal arbeidsgivar om profesjonell introduksjon og rettleiing av den nytilsette.  

Fylkesrådmannen vektlegg introduksjon av nytilsette, og har utarbeidd ei overordna sjekkliste[2] for driftseiningane for mottak av nytilsette. Kvar enkelt driftseining må no gå igjennom og tilpasse sitt lokale introduksjonsprogram i lys av dette.

Det er og utarbeidd ein guide[4] som leiinga skal bruke i samband med oppfølging av den nytilsette. Her blir det også stilt krav til dokumentasjon av den formelle oppfølginga i prøvetida.

Fylkesutdanningssjefen har utarbeidd  eiga handbok[3] i tillegg for å sikre godt mottak av nytilsette lærarar/ny som lærar som og må sjåast i samanheng med dette.

Arbeidsavtalane og anna malverk er no tilpassa og lagt inn i Visma rekrutteringsmodulen.

Det vil bli køyrt opplæring av einingsleiarane i samband innføring av prøvetid.

Kven vil ordninga med prøvetid gjelde for?

«Prøvetid gjeld:

  • ved fast tilsetting med mindre noko anna er avtalt
  • ved mellombels tilsetting med avtale for eitt skuleår eller lengre
  • ved skifte av stillingstype med mindre noko anna er avtalt

 Det blir som hovudregel ikkje fastsett prøvetid:

  • ved nytilsetting innan same stillingstype hos same hovudarbeidsgivar
  • ved overgang frå mellombels til fast tilsetjing der vedkomande tidlegare har hatt prøvetid

I samband med tilsetjingsprosessen skal rekrutteringsadministrasjon i Visma HRM nyttast. Det er utarbeidd ny mal for Arbeidsavtale. Malen tek opp i seg endringar i Opplæringslova og ordninga med prøvetid. Det er utarbeidd ein prosedyre for utarbeidinga av Arbeidsavtalen.

Prosedyren skal rettleie leiarar og medarbeidarar for korleis sikre ei handtering av tilsetjingsprosessen på ein ryddig og profesjonell måte.

Du finn prosedyra her:
https://alfresco.mrfylke.no/share/s/QyqonBBvQ5mB3gNVVRnvDA  

Malane for Arbeidsavtale finn ein og på Intranett:
http://mrfylke.no/Intranett/Arbeidsgivar-HR/Skjema/Skjema-personal  

Informasjon/opplæring

Opplæring for rektorane vil skje i samband med rektorsamlinga i juni. I tillegg vil dette med oppfølging av prøvetid også inngå som ein del av opplæringspakken «Handtering av dei vanskelege personalsakene» som er planfesta til 29.09.14. Målgruppa for denne opplæringsdagen vil vere leiarar med personalansvar.

Fotnoter:

[1] https://alfresco.mrfylke.no/share/s/OD3bZZMzSyy2XF9nq60F7Q

[2] https://alfresco.mrfylke.no/share/s/nS5jZkqCTBq9l9QeXxLjow

[3] https://alfresco.mrfylke.no/share/s/YiIKNtDDSVKcPPgYTs4n6g

[4] https://alfresco.mrfylke.no/share/s/EBb7F5f5TqGPaBBeeeFYEg