Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Arbeidsgivar HR > Arbeidsgivarpolitikk > Rekruttering > Introduksjon og prøvetid > 119 nye medarbeidarar samla på introduksjonsdag

Kontaktpersonar

Dag Lervik Dag Lervik
Prosjektsjef omstilling 2020
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post
Marianne Bye Marianne Bye
Rådgivar
71 28 01 76
Send e-post

Dokument

Introduksjonsdag 18.09.2013
PDF-dokument - 3,86 MB

119 nye medarbeidarar samla på introduksjonsdag

Onsdag 18. september var 119 nye medarbeidarar samla til introduksjonsdag for nytilsette på Hotel Alexandra i Molde. - Målet med introduksjonsdagen er å gi nye medarbeidarar kunnskap om organisasjonen Møre og Romsdal fylkeskommune, seier personalsjef Dag Lervik.

Introduksjonsdag nytilsette - september 2013

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik opna introduksjonsdagen og ønskte alle nye medarbeidarar velkomne. På programmet var mellom anna presentasjon av organisasjonen, samfunnsoppdraget, tenesteområda og rolla til fylkeskommunen som regional utviklingsaktør.

- Vi er ein av fylkets største arbeidsgivarar med omlag 2500 tilsette og rekrutterer om lag 200 nye medarbeidarar kvart år. Vel 2000 arbeider ute på ein av dei 23 vidaregåande skolane eller dei to fagskolane, om lag 190 arbeider på ein av dei 36 tannhelseklinikkane vi har i fylket, og det er vel 230 tilsette i sentraladministrasjonen på fylkeshuset. Det er derfor viktig at vi set av ein dag to gongar i året, og samlar nye medarbeidarar, slik at dei får innsikt i og kjennskap til det omfattande samfunnsoppdraget vi som fylkeskommune har, seier personalsjef Dag Lervik.

Introduksjonsdagen er ein del av satsinga i arbeidsgivarpolitikken der introduksjonsprogram for nytilsette er eit sentralt innsatsområde. Nye medarbeidarar skal få kunnskap om organisasjonen, visjonane og verdigrunnlaget til fylkeskommunen. Kva står vi for som arbeidsgivar og kva forventningar har vi til våre nye medarbeidarar.

 

Rådgivar Marianne Bye

Rådgivar Marianne Bye

Intro.dag - 2013

Intro.dag - 2013