Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Arbeidsgivar HR > Arbeidsgivarpolitikk > Rekruttering > Introduksjon og prøvetid

Introduksjon og prøvetid

Introduksjonsprogram ved kvar driftseining skal sikre høg standard på leiar- og medarbeidarutviklinga frå første dag, rask introduksjon til fagområdet og til alle praktiske sider ved driftseiningane.

Intro nytilsett

Det er utarbeidd ein overordna mal for introduksjon. Denne gjev rammer for utarbeiding av lokale introduksjonsprogram på driftseiningsnivå og klargjer kva for introduksjonstiltak som skjer i regi av fylkesnivået gjennom Fylkesakademiet. Mal med sjekkliste for introduksjonsprogram finn du som dokument ved å klikke på lenka og lese i/laste ned frå Alfresco. 

Fylkesakademiet arrangerer kvart år felles introduksjonsdag for alle nye leiarar og medarbeidarar der samfunnsoppdraga, fylkeskommunen som regional utviklingsaktør, regionalpolitisk forvaltningsnivå og fylkeskommunen som arbeidsgivar er tema. I tilknyting til felles introduksjonsdag for alle tilsette arrangerer Fylkesakademiet også introduksjonsdag for nye leiarar.

Prøvetid

Møre og Romsdal fylkeskommune har prøvetid for sine tilsette ved nytilsetting. Ordninga  inneber eit sterkare krav til lokal arbeidsgivar om profesjonell introduksjon og rettleiing av den nytilsette. Det er og utarbeidd ein guide[4] som leiinga skal bruke i samband med oppfølging av den nytilsette. Her blir det også stilt krav til dokumentasjon av den formelle oppfølginga i prøvetida. Du kan lese meir om prøvetid her.


Introduksjonsdag for nye leiarar

Torsdag 18. september 2014  var det introduksjonsdag for nye leiarar og mellomleiarar i Møre og Romsdal fylkeskommune

Les meir

Innføring av prøvetid ved tilsetjing i Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune tek i bruk prøvetid. Ordninga med prøvetid vil gjelde alle som tek til i stilling etter 31.7.2014.

Les meir

Over 100 nye medarbeidarar samla på introduksjonsdag

Onsdag 17. september var over 100 nye medarbeidarar samla til introduksjonsdag for nytilsette på Hotel Rica Seilet i Molde. - Målet med introduksjonsdagen er å gi nye medarbeidarar kunnskap om organisasjonen Møre og Romsdal fylkeskommune, seier personalsjef Dag Lervik.

Les meir

Nytilsette lærte om fylkeskommunen

Over 100 deltakarar var den 19. september 2012 samla til introduksjonsdag for nytilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune. Her fekk dei innføring i ulike tenestefunksjonar i organisasjonen og fekk høve til å drøfte si eiga eiga rolle i lys av fylkeskommunen sin arbeidsgivarpolitikk. I tillegg var nye leiarar samla til eigen introduksjonsdag den 20.september.

Les meir

119 nye medarbeidarar samla på introduksjonsdag

Onsdag 18. september var 119 nye medarbeidarar samla til introduksjonsdag for nytilsette på Hotel Alexandra i Molde. - Målet med introduksjonsdagen er å gi nye medarbeidarar kunnskap om organisasjonen Møre og Romsdal fylkeskommune, seier personalsjef Dag Lervik.

Les meir

120 nye medarbeidarar på introduksjonsdag

13. september var i overkant av 120 nye medarbeidarar samla til felles introduksjonsdag. I tillegg var 14 nye leiarar  samla den 14. september til introduksjonsdag der leiarrolla stod i sentrum.

Les meir

- Lærerikt med introduksjonsdag

 - Det var bra for oss nybegynnarar å få eit innblikk i og ein oversikt over organisasjonen. Slik oppsummerer dei nye lærarane ved Sunndal vgs; Monica Holten og Ingunn Forseth Haugen utbyttet av introduksjonsdagen for nytilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir

Kontaktpersonar

Marianne Bye Marianne Bye
Rådgivar
71 28 01 76
Send e-post

Dokument

Ark Introduksjon
PDF-dokument - 2,44 MB
Rettleiing for nytilsette lærarar
PDF-dokument - 996,90 kB