Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Rekruttering

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein tydeleg medspelar til samfunnsutviklinga i regionen og ein attraktiv arbeidsgivar for høgt utdanna og godt kvalifiserte søkarar. Møre og Romsdal fylkeskommune har høg kvalitet og profesjonalitet i rekrutteringsarbeidet.

Møre og Romsdal fylkeskommune søker etter dyktige medarbeidarar innan mange fagområde. Vi er 2400 tilsette, og på jakt nye medarbeidarar med høg kompetanse, mykje energi og stort mot. Vi ønsker tilsette som vil utvikle fylket vårt.

  • Rekruttering handlar om å marknadsføre Møre og Romsdal fylkeskommune som regional utviklingsaktør og som attraktiv arbeidsgivar.
  • Rekruttering er val av ny medarbeidar. 
  • Annonseteksta er vårt første møte med ny medarbeidar.
  • Intervjuet er møteplassen der vi som arbeidsgivar får informasjon om søkjar
  • Intervjuet gir søkjar informasjon av fylkeskommunen. 
  • Tilsettingsutval  har ansvar for  rekrutteringsprosessen.  

Under vil du finne dokument som viser vegen i ein profesjonell rekrutteringsprosess.

Tilsetjingsreglementet

Rekruttering har sitt formelle grunnlag i lov og avtale. Prosessen krev kunnskap om lov og avtaleverk.

Kompetanse- og rekrutteringssjekken

Resultatet frå kompetanse- og rekrutteringssjekken skal vere ein del av grunnlaget når ein lyser ut stilling i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Stillings- og behovsanalyse

Før ei stilling blir lyst ledig, skal arbeidsgivar/tilsetjingsorganet gjennomføre analyse av kva for ansvar, plass i organisasjonen og oppgåver stillinga skal ha. Det er vidare viktig å kartlegge kva for kompetanse som er i organisasjonen før ein etterspør ny kompetanse.

Vi skal vite kva vi skal sjå etter.

Opprette sak i VISMA

Alle tilsetjingssakene skal registrerast som sak i Visma

Annonse

Intervju – det profesjonelle møte mellom arbeidsgivar og kandidat.

Intervjuet er det første møte mellom arbeidsgivar og kandidat. Vi byggjer omdøme i alt vi gjer. Som leiar gjer du vel  i å førebu deg godt til intervjua. Ta utgangspunkt i stillings- og behovsanalyse, annonsetekst og bygg opp spørsmål som gir god informasjon og kunnskap om kandidatane.

 

Referanseintervju byggjer på informasjonen gitt i intervjuet. Referanse blir henta etter intervjuet, og skal vere strukturert og profesjonelt og blir del av grunnlaget for val av ny medarbeidar.

 

Vurdering og tilråding til val av ny medarbeiar

Vurdering byggjer på stillings- og behovsanalyse, søknad, intervju og referanseintervju.

Introduksjon

I møte med nye medarbeidarar skal introduksjonsprogram gjere prosessen trygg og tydeleg. Alle verksemder skal ha eigne program. Vedlagt mal gir vegvisar til lokale program.