Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

AGP-verkstadar

AGP-verkstadar er eit utvikla prosessverkty som kan nyttast i lokale utviklingsprosessar på den enkelte arbeidsplass. Verkstad er ei arbeidsform der ein nyttar ulik metodikk for å involvere medarbeidarar og leiarar i felles prosessar for utvikling av organisasjonen og tenestetilbodet, kulturen og arbeids- og samhandlingsformer forankra i AGP'en. Metodikken kan tas inn i ordinære møtearenaer eller nyttast på eigne samlingar/personalseminar.

Omdøme er summen av korleis omverda oppfattar oss. Omdøme er avhengig av kva identitet vi som tilsette har, korleis vi kommuniserer, og kvalitet på tenestane vi leverar. Vi byggjer omdøme i alt vi gjer. Eit viktig mål med AGP’en og bruk av verkstad som arbeidsform er difor at alle tilsette skal reflektere over eigen åtferd og praksis i oppgåveløysinga, og i samhandlinga med andre både internt og eksternt.

AGP-verkstadane er ein møteplass for felles informasjon, refleksjon og utvikling:

  • Informasjon om fylkeskommunen - kopling av samfunnsoppdrag og arbeidsgivarpolitikken
  • Løfte fram kva slags organisasjonskvalitetar vi ønskjer å fremme
  • Refleksjon over eigen praksis, vegval og utfordringar
  • Utvikling av vår felles organisasjon og vår felles region

Vertykasse med utgangspunkt i 4 gjennomgåande perspektiv:

  • Perspektiv A: Identitet og omdømme
  • Perspektiv B: Kultur for læring og utvikling
  • Perspektiv C: Kvalitet og profesjonalisering
  • Perspektiv D: Leiarskap og medarbeidarskap

Det er laga ein samla PP-presentasjon som inneheld introduksjon til dei ulike perspektiva med tilhøyrande refleksjonsoppgåver. Presentasjonen inneheld vidare introduksjon av verkty og metodikk for gjennomføring av verkstadar. Dette er meint å vere ei verktykasse eller ein "buffé" einingane kan plukke frå i samband med gjennomføring av lokale prosessar. Då vi ønskjer å stimulere til ein delingskultur ønskjer vi også at materiell utvikla og nytta i samband med lokale verkstader blir delt på eit felles samhandlingsrom i Alfresco.

KS Omdømeprosjekt

Møre og Romsdal fylkeskommune har deltatt i eit nasjonalt omdømmeprosjekt i regi av Kommunenes Sentralforbund som skal understøtte og vere tydeleg kopla til implementering av den nye arbeidsgivarpolitikken. Sluttrapport frå omdømeprosjektet kan du lese her: http://mrfylke.no/Intranett/Arbeidsgivar-HR/Rapport-fraa-KS-omdoemeprosjekt