Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Prosessverkty

Illustrasjonsbilde

Oppfølging og utvikling forankra i AGP
 
AGP'en utgjer referanseramma for korleis vi skal innrette og utvikle vår organisasjon for å løyse samfunnsoppdraga og vår rolle som regional utviklingsaktør på ein best mogleg måte.

Oppfølging og utvikling skjer m.a. gjennom:

I gjennom den ordinære leiingsdialogen vil fylkesrådmannen kommunisere tydelege forventningar til korleis det skal arbeidast heilskapleg med AGP som ein integrert del av organisasjons- og tenesteutviklinga i fylkeskommunen. Fylkesrådmannen utarbeider årleg ein overordna tiltaksoversikt (dokumentet finn du og i høgremenyen) sortert etter innsatsområda i arbeidsgivarpolitikken. Oversikten viser tiltak som er initiert på rådmannsnivå og tiltak som skal følgjast opp av einingsleiarane. Desse tiltaksområda og forventningane skal inngå som ein del av leiardialogen på alle nivå med mål om å skape ein produktiv utviklingskultur på tvers og mellom alle nivå i organisasjonen.

AGP-verkstader er eit utvikla prosessverkty som kan nyttast i lokale utviklingsprosessar på den enkelte arbeidsplass. Verkstad er ei arbeidsform der ein nyttar ulik metodikk for å involvere medarbeidarar og leiarar i felles prosessar for utvikling av organisasjonen og tenestetilbodet, kulturen og arbeids- og samhandlingsformer forankra i AGP'en.

AGP-verkstader finn du som eit eige menypunkt under Prosessverkty.

Kontaktpersonar

Marianne Bye Marianne Bye
Rådgivar
71 28 01 76
Send e-post
Dag Lervik Dag Lervik
Personalsjef
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post