Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Dag Lervik Dag Lervik
Personalsjef
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post
Iver Kåre Mjelve Iver Kåre Mjelve
Rådgivar
71 28 01 52 /
Mob. 976 92 994
Send e-post

Sentralt tariffoppgjer 2012

Her vil du finne nyhende om tariffoppgjeret per 1.5.2012. 

Snarvegar

Resultatet er vedtatt og kan iverksettes

KS og samtlege arbeidstakarorganisasjonar har nå vedtatt meklarens forslag til ny Hovudtariffavtale. Resultatet av hovudtariffoppgjeret 2012 kan dermed iverksettast.

Den nye Hovudtariffavtalen (HTA) skal omredigerast og sendast til trykkeriet etter ferien. HTA vil etter plana sendast til medlemmane medio september.

A-rundskriv 1/12 og B-rundskriv 6/2012 med informasjon om resultatet kan du lese via lekkje under snarvegar i høgremarg.

STREIKEN ER OVER !

www.KS.no melder: "Tirsdag 5. juni ble det enighet mellom alle organisasjoner på arbeidstakersiden og kommunesektorens organisasjon KS i tariffoppgjøret i kommunal sektor.

Dermed avsluttes streiken, og samtlige streikende skal være tilbake på jobb fra arbeidstidens begynnelse onsdag 6. juni.

Oppgjøret har en total ramme på 4,07 prosent, det samme som i oppgjøret i staten.
- Dette er helt klart i ytterkanten av hva kommunesektoren kan bære, uten at det i for stor grad går på bekostning av de oppgavene kommuner og fylkeskommuner skal løse for innbyggerne. Nå er vi imidlertid først og fremst glad for at konflikten er over, og at innbyggerne igjen skal få de tjenestene de har krav på, sier adm. dir. i KS, Sigrun Vågeng.

Oppgjøret i kommunesektoren har en innretning som gir 2,7 prosent i generelt tillegg, minimum 12.000 kroner. 1,2 prosent er satt av til lokale forhandlinger, og dette har vært viktig for KS, sier Vågeng.
- På dette som på andre områder er det ulike behov i ulike deler av landet og fra kommune til kommune. Derfor er det viktig at kommunene gis mulighet til å kunne tiltrekke seg den arbeidskraften de har behov for, sier Sigrun Vågeng".

Streiken merkast! (30.5.2012)

Streiken i offentleg sektor er vidare utvida med verknad frå onsdag 30. mai. Ved einingar tilhøyrande Møre og Romsdal fylkeskommune får dette desse konsekvensane: 

http://mrfylke.no/Organisasjon/Info/Pressemeldingar/Streiken-vidare-utvida

Fylkestannlegen kartlegg om streiken vil kome til å ramme tannhelsetenesta:

http://mrfylke.no/Intranett/Tenesteomraade/Tannhelse/Rundskriv/2012/Rundskriv-11-2012-Rapportering-om-konsekvensar-av-streiken-i-kommunal-sektor

Borgund vidaregåande skole er teke ut i streik (25.5.2012)

UNIO har teke ut 60 medlemmar ved Borgund vgs ut i streik frå 30.5.2012 ved arbeidstidensstart.

Utviding av streiken

Streiken i offentleg sektor er varsla utvida med verknad frå tysdag 29. mai. Dette vil ha konsekvensar for Møre og Romsdal fylkeskommune på følgjande måtar: NB: Sjå heile saka på: http://mrfylke.no/Organisasjon/Info/Pressemeldingar/Utviding-av-streiken

LO trappar opp streiken (24.5.2012)

LO ved Fagforbundet og MFO varsler opptrapping av streiken frå 29.5.2012 ved arbeidstida si start. MFO tek ut tre lærarar ved Fagerlia vgs, Fagforbundet utvidar streiken til å omfatte Molde vgs og ytterlegare streike uttak ved Romsdal vgs - i alt nitten medlemmer. Tre ved Molde vgs og resten ved Romsdal vgs.

Streik ved Fagerlia vidaregåande skole og i Sentraladministrasjonen (24.5.2012)

Streiken i offentleg sektor ramma frå torsdag 24. mai kl. 06:00 Fagerlia vidaregåande skole og sentraladministrasjonen i fylkeskommunen. Vel 60 lærarar ved Fagerlia vidaregåande skole, som er organiserte i UNIO/Utdanningsforbundet, er gått ut i streik.  
NB: Sjå heile saka på: http://mrfylke.no/Organisasjon/Info/Pressemeldingar/Streik-ved-Fagerlia-vidaregaaande-skole-og-i-Sentraladministrasjonen

Meklinga førte ikkje fram (24.5.2012)

Meklar Reidun Wallevik klarte ikkje å få partane i tariffoppgjeret for kommunesektoren til å einast om ei løysing. Dermed vert den varsla streiken eit faktum frå arbeidstidas start torsdag 24. mai.

Noko av bakgrunnen for denne situasjonen er at partane i oppgjeret i staten heller ikkje klarte å einast om ei løysning, slik at det vart vanskeleg for enkelte av partane i kommuneoppgjeret i høve til den økonomiske ramma for oppgjeret når dette ikkje var avklart i staten. Oppgjeret i staten vert sett på som eit «frontfag» i offentleg sektor, so dirfor vert brotet i meklinga i staten vanskeleg for flere.

Les om brotet i meklinga på KS sine sider.

Drøftingsmøte (22.5.2012)

Partane på fylkesnivå gjennomførte drøftingsmøte 22.5.2012 med tema Konfliktberedskap. Referat frå møtet er lagt under dokument i høgre marg.

Streikeuttaket (18.5.2012)

Fagforbundet har varsla streikeuttak av 61 medlemmar ved følgjande avdelingar: Administrasjonsavdelinga, Fylkesrevisjon, Fylkestannlegen, Fellestenesta, Kulturavdelinga, Plan- og analyseavdelinga, Regional- og næringsavdelinga, Samferdselsavdelinga og Utdanningsavdelinga, samt Romsdal vgs.

Utdanningsforbundet har varsla streikeuttak av 68 medlemmar ved Fagerlia vgs.

Vi har oppdatert dokumentsamlinga i høgre marg ----->

Fagforbundet og Utdanningsforbundet har varsla plassfråtrede! (16.5.2012)

Fagforbundet har varsla plassfråtrede for sine medlemmar i Sentraladministrasjonen. Utdanningsforbundet har varsla plassfråtrede for sine medlemmar ved Fagerlia vgs. Vi vil kome med ytterlegare informasjon direkte til nemnde einingar fredag 18.mai 2012. 

Tidspunkt for innlevering av plassfråtrede (namnelister) (11.5.12)

Partane er samde om at tidspunkt for innlevering av plassfråtrede (namnelister) er ved arbeidstida sin slutt onsdag 16. mai. Ein eventuell streik kan tidlegast bli sett iverk frå arbeidstida sin start torsdag 24. mai jf. B-rundskriv nr.5/2012.

Forhandlingsbrot (09.05.12)

Tarifforhandlingane i kommunal sektor endte fredag 27. april med brot med alle forhandlingssammenslutningane. Første førebuande meklingsmøte fann stad 2. mai kl. 10.30. Meklinga held fram i midten av mai. Hovudmekling skjer 21.mai og skal avsluttast innan kl 24:00 den 23. mai. Dersom meklinga ikkje førar fram, vil eventuell streik tidlegast bli igangsett frå morgonen torsdag 24. mai 2012.

Etter Hovudavtalen skal namnelister over arbeidstakarane som skal takast ut i arbeidskamp vere kjent for lokal arbeidsgivar minst fire dager før plassfråtreding  

Konfliktberedskap (9.05.12)

Kvar driftseining skal oppdatere sin eigen konfliktberedskap, som førebuing til ein eventuell streik. Det blir vist til fylkeskommunens retningslinjerRetningslinjer - beredskap ved arbeidskonflikt” (versjon 8.05.12). Retningslinjene byggjer på KS sitt temahefte ”Streik – forholdsregler ved arbeidsnedleggelse og annen arbeidskamp”. Siste utgåve av heftet (10. utg, 2012), inneheld svært nyttig informasjon i ein eventuell konfliktsituasjon, og skal vere tilgjengeleg ved alle driftseiningar i fylkeskommunen. Heftet kan bestillast frå Kommuneforlaget, kundeservice@kommuneforlaget.no, eller lastast ned under dokumenter i høgre marg.