Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sentralt tariffoppgjer 2010

Her vil du finne nyheiter om tariffoppgjeret per 1.5.2010.  På KS si heimeside "Tariff 2010" blir det publisert utfyllande informasjon i samband med meklingsløysinga 9. juni.

Streiken avslutta 9. juni

Kommunestreiken er over, etter at meklingsmannen 9. juni presenterte ei skisse til løysing som partane aksepterte. Dette er hovudelementa i meklingsløysinga (kjelde KS):

Generelle tillegg, auka minstelønn og avsetningar til lokale forhandlinger er dei tre lønnselementa. Samla utgjer tariff-tillegga ein årslønnsvekstramme på om lag 3, 4 % i 2010 og er på linje med det økonomiske resultatet i staten.

Lokale forhandlingar etter HTA kapittel 4, pkt. 4.A.1
Det er avsatt midlar tilsvarende 1,1 % av lønnsmassen til lokale forhandlingar i samsvar med HTA kapittel 4, pkt. 4.A.1. Forhandlingane skal førast samla, og slik at 0,85 % av lønnsmidlane har verkdnasdato 1.8.2010 og 0,25 % av lønnsmidlane har verknadsdato 1.1.2011.

Partane har avtalt føringar for dei lokale forhandlingane, der kvinner skal ha ein større andel enn pro rata. I tillegg skal leiarar og lønnstillegg for vidareutdanning prioriterast.

Eigne generelle tillegg til høgskolegruppene og undervisningsstillingane
Det blir gitt eit generelt tillegg på kr. 2000,- til tilsette i stillingar med krav om høgskoleutdanning og eit generelt tillegg på 1,15 % til undervisningsstillingar i HTA kapittel 4C.

Generelt tillegg til alle
Alle tilsatte i HTA kap. 4 får eit generelt tillegg på 2,1 %, minst kr. 7.100,-. 

HTA kapittel 4 - ny minstelønn
Minstelønnssatsane er regulert med dei generelle tillegga. Dessutan er enkelte satsar heva meir på topplønna.

Tariff-tillegga har forskjellige verknadsdatoar.

Meklingsmannens forslag kan lastast ned frå heimesida til KS (snarveg i høgremargen).

Streikeuttak nr. 3 - Møre og Romsdal fylkeskommune framleis ikkje omfatta av plassfråtreding (04.06.10, kl. 10:00)

Organisasjonane leverte 3. streikeuttak torsdag 3. juni. Frå arbeidstidas start tirsdag 8. juni vil omlag 45591 tilsette vere i streik.

Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje omfatta av opptrapping i streiken (28.05.10, kl. 16:15)

Unio og LO-K trappar opp streiken, og har i dag levert varsel om plassfråtreding for fleire arbeidstakarar som blir tatt ut i streik frå onsdag 2. juni. Ingen tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune er omfatta av denne plassfråtredinga.

Eventuell ytterlegare opptrapping av streiken som berører fylkeskommunen, kan tidlegast komme i form av varsel om plassfråtreding i løpet av måndag 31. mai. Det vil gå 4 dagar frå varsel er mottatt til plassfråtreding kan iverksettast.

Streik i kommunesektoren (27.05.10, kl. 13:00, oppdatert kl. 15:00) 

Det blir streik for 17.000 arbeidstakarar i KS-sektoren  frå arbeidsstart fredag 28. mai. Streiken omfattar alle fire hovudsamanslutningar. Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje omfatta av streikeuttak med verknad frå 28. mai. Eventuelt streikeuttak som rammer fylkeskommunale driftseiningar, kan først bli ein realitet ved ein opptrapping av konflikten.

Inntil Møre og Romsdal fylkeskommune er direkte ramma av streiken (dvs. at våre tilsette er omfatta av plassfråtreding), vil ordinær drift, inkl. eksamensavvikling, gå som planlagt.

Kontakt med tillitsvalde under streiken

Partskontakt mellom arbeidsgivar og tillitsvalde opphøyrer under streiken. NB dette gjeld også partskontakt i kommunar og fylkeskommuner som ikkje direkte er omfatta av plassfråtreding frå 28. mai.

Bortsett frå forhold som gjeld streiken skal det ikkje vere partskontakt. Dette rammer mao. tillitsvalde si deltaking i råd og utval, partssamansette utval og alle andre samanhenger der den tillitsvalde representerar sin organisasjon. Tilsettingsreglementet fastslår at alle medlemer i tilsettingsutvala (på alle nivå i organisasjonen) må vere til stades for at utvalet skal vere vedtaksført. Dette inneber at det i praksis ikkje kan gjerast tilsettingar der arbeidstakarrepresentantar i streikande organisasjonar er medlem i tilsettingsutvalet. Der det alt er inngått avtalar om jobbintervju før streiken var eit faktum, kan intervjua gjennomførast utan at tillitsvalde er tilstades, men vedtak om tilsetting kan altså ikkje gjerast.

Partane på fylkesnivå er einige om at partskontakten under ein streik ikkje skal innskrenkast i høve yrkesskadesaker og stillingsvernsaker med omsyn til overtallege/stillingsbankarbeidet, oppseiingssaker og fristar i forhold til Arbeidsmiljølov og anna lovverk i denne samamenheng.

Mekling på overtid (27.05.10, kl. 07:45) 

Meklingsfristen i KS-sektoren var  26. mai kl. 24:00. - Det er vanskelig. Det er mange temaer, rammen og hva man gjør med rammen. Likelønn er en del av diskusjonene, sa riksmeklar Kari Gjesteby til NRK kl. 7. - Det er gjerne slik at rammen for statsoppgjøret også er utgangspunkt for de andre oppgjørene i offentlig sektor, stat er et slags frontfag i offentlig sektor, derfor venter de andre og har tatt en pause, sa Gjesteby.

Fylkeskommunen ikkje omfatta av streikeuttak med verknad frå 27. mai (21.05.10) 

Personalsjefen har ikkje mottatt varsel om plassfråtreding innan fristen kl. 16:00, 21. mai. Dette inneber at Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje er omfatta av streikeuttak med verknad frå 27 mai.

Eventuelt streikeuttak som rammer fylkeskommunale driftseiningar, kan først bli ein realitet ved ein opptrapping av konflikten. Vi vil halde alle driftseiningar løpande oppdatert på eventuelt varsel i neste veke om plassfråtreding.

Varsling av eventuelt streikeuttak - namnelister (21.05.10) 

Meklinga i tariffoppgjeret i KS-sektoren nærmar seg innspurten. Meklinga skal vere avslutta innan 26. mai kl. 24:00. Dersom meklinga ikkje fører fram, kan ein streik tidlegast iverksettast frå arbeidsstart torsdag 27. mai. Dersom Møre og Romsdal fylkeskommune blir omfatta av eit event. streikeuuttak frå denne datoen, vil fylkesrådmannen v/personalsjefen få overlevert varsel om plassfråtreding, med namnelister over kven som blir tatt ut i streik fredag 21. mai innan kl. 16.00. Desse namnelistene vil umiddelbart bli vidareformidla via e-post til dei driftseiningane som er omfatta av streikeuttaket.

Det er viktig at driftseiningane har beredskap for mottak og oppfølging av namnelister fram til kl. 16:30 fredag 21. mai.

Retningslinjer for beredskap ved arbeidskonflikt, jfr. e-post dat. 16.04.10, er tilgjengeleg under "dokument" i høgremargen. Skolane må snarast gå gjennom desse retningslinjene og eigne beredskapsplanar for på denne måten vere best mogleg førebudd på å takle konsekvensane av en eventuell streik.

Dispensasjonssøknader

Så snart varsel om plassfråtreding med namnelister er mottatt, må driftseininga sette opp ei oversikt over kva arbeidstakarar som eventuelt bør unntakast frå streik. Denne vurderinga må ta utgangspunkt i omsynet til å verne liv og helse, ivareta sikkerheit, samt å unngå alvorlege følgjer for tredjemannsinteresser. Ivaretaking av  arbeidsgivarrolla er også grunnlag for dispensasjon. Grunngjeven dispensasjonssøknad blir endeleg utforma av personalsjef/etatsjef etter tilbakemelding frå leiar i driftseininga og overlevert arbeidstakarorganisasjonen på verksemdsnivå før streiken tar til. Vi viser her til fylkeskommunens ”Retningslinjer – beredskap ved arbeidskonflikt” og KS-heftet kap. 2.1, 2.3 og 2.4.

Driftseininga skal nytte mal for dispensasjonssøknader tilgjengeleg under "dokument". Denne skal i første omgang fyllast ut av leiar i driftseininga og oversendast personalseksjonen for vidare oppfølging mot arbeidstakarorganisasjonen.

Næraste kompetanseeining ved arbeidskonflikt og streik er personalseksjonen. Alle spørsmål som gjeld streiken rettast dit, til personalsjef Dag Lervik tlf. 71 25 84 30/951 73 038 eller rådgivar Morten Larsen, tlf. 71 25 87 15/950 78 152, telefaks 71 25 87 21.

Forhandlingsbrotet og faren for streik reiser ulike problemstillingar driftseiningane bør vere førebudde på. KS har på si heimeside laga ein oversikt over ofte stilte spørsmål, m.a. om eksamensavvikling.

Forhandlingsbrot (01.05.10)

Tarifforhandlingane i kommunal sektor endte fredag 30. april med brot med alle forhandlingssammenslutningane. Første førebuande meklingsmøte finn stad 4. mai kl. 12.00. Meklinga held fram i midten av mai. Hovudmekling skjer 25. og 26. mai og blir avslutta innan kl. 24.00 den 26. mai. Dersom meklinga ikkje førar fram, vil eventuell streik tidlegast bli igangsett frå morgonen torsdag 27. mai 2010.

Etter Hovudavtalen skal namnelister over arbeidstakarane som skal takast ut i arbeidskamp vere kjent for lokal arbeidsgivar minst fire dager før plassfråtreding (dvs. 23. mai).

Konfliktberedskap (16.04.10)

Kvar driftseining skal oppdatere sin eigen konfliktberedskap, som førebuing til ein eventuell streik. Det blir vist til fylkeskommunens retningslinjer ”Retningslinjer - beredskap ved arbeidskonflikt” (versjon 15.04.10). Retningslinjene byggjer på KS sitt temahefte ”Streik – forholdsregler ved arbeidsnedleggelse og annen arbeidskamp”. Siste utgåve av heftet (9. utg, 2010), inneheld svært nyttig informasjon i ein eventuell konfliktsituasjon, og skal vere tilgjengeleg ved alle driftseiningar i fylkeskommunen. Heftet kan bestillast frå Kommuneforlaget, kundeservice@kommuneforlaget.no.