Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Arbeidsgivar HR > Arbeidsgivarpolitikk > Lønn/tariff > Lokale lønnsforhandlingar > SÆRSKILT OM LØNSKRAV GRUNNGJEVE jf HTA 4.2.4 KOMPETANSE

SÆRSKILT OM LØNSKRAV GRUNNGJEVE jf HTA 4.2.4 KOMPETANSE

"Partene lokalt kan uavhengig av øvrige forhandlingsbestemmelser forhandle om endret lønn når en arbeidstaker har gjennomført relevant etter-/videreutdanning.

Kommer partene ikke til enighet ved forhandlinger vedtas arbeidsgivers siste tilbud.

Merknad:

I henhold til kapittel 3.2 legges den lokale lønnspolitikken til grunn for forhandlingene. Det kan i denne forbindelse også vurderes innplassering i annen stillingskode eller i avansementsstilling i henhold til kriterier fastsatt i den lokale lønnspolitikken.

Det vises også til kapittel 3.3, der betydningen av kompetanseutvikling vektlegges, herunder etter-/videreutdanning, kompetansegivende oppgaver og annen opplæring av betydning for stillingen, spisskompetanse, og utvikling av realkompetanse. 

Dersom arbeids- og ansvarsområdet er endret kan det forhandles etter 4.2.2."

Arbeidsgivar har tidlegare sagt at det lokale kompetansekriteriet vil ligge i botn for vurdering av krav etter HTA 4.2.4 Kompetanse:

  • Bruken av lønnsmidlar skal understøtte ein strategisk forankra kompetanseutvikling, jf. AGPff
  • Gjennomførte kompetanseutviklingstiltak som vil gi grunnlag for lønnsendring skal vere
    • Kompetansegivande etter- og vidareutdanning med eit omfang på minimum 3 månader (tilsvarande 15 studiepoeng)
    • Hospiteringsordningar, alternativ praksis, forskningsoppdrag etc som tilførar arbeidstakaren ny erfaringskompetanse
    • Avtalt/planlagt mellom leiar og medarbeidar, og registrert i kompetansemodulen i Visma, jf. Rettleiar for medarbeidar-/utviklingssamtale
    • Relevant og blir nyttiggjort i jobben
  • Det vil ikkje vere grunnlag for lønnsendring der kompetanseendringa:
    • Har gitt uttelling gjennom stigane i kompetanse-/minstelønnssystemet
    • Inngår som ein del av krava til grunnutdanning for stillinga

Vi gjer merksam på at det er partane på fylkesnivå som er forhandlingspartar og at arbeidstakarorganisasjonen eventuelt må fremje krav overfor arbeidsgivar på ordinær måte. Einingsleiar gjer ei uavhengig vurdering om vilkåra for tillegg i samsvar med kriteriesettet er innfridd. 

Partane er samde om at 4.2.4. lønnsforhandlingar skjer ein gong i året, og fell saman i tid med 4.2.1. lønnsforhandlingane kvar gong det er slike lønnsforhandlingar. Verknadsdato for eventuelle lønnstillegg kjem fram i HTA Vedlegg 6. (1.1. eller 1.8. kvart år.)