Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Lokale lønnsforhandlingar 2011

Vi viser til informasjon om det sentrale tariffoppgjeret 2011  om at det ikkje blir lokale forhandlingar for tilsette i HTA kap. 4.

Vi viser til informasjon om det sentrale tariffoppgjeret 2011  om at det ikkje blir lokale forhandlingar for tilsette i HTA kap. 4.

For stillingar i HTA kap. 3 og 5, skjer all lønnsregulering lokalt gjennom årlege lønnsforhandlingar mellom partane på fylkesnivå. I kap. 3 finn vi toppleiargruppa, fylkesrevisjonssjef, kontrollsjef, assisterande etatsjefar, overtannlegar og skoleleiarar. Kap. 5 omfattar i hovudsak profesjonsgrupper (m.a. tannlegar, ingeniørar, arkitektar) og rådgivarar med akademikarbakgrunn, samt nokre leiarstillingar.

Den 9. mai og 30. august vart det gjennomført lønnspolitisk drøftingsmøter mellom partane på fylkesnivå der m.a. evaluering av lokale forhandlingar 2010 og framdriftsplan, økonomisk ramme og profil/føringar for forhandlingane i kap. 3 og 5 hausten 2011 var tema. Diverse informasjonsmateriell er lagt ut i høgre menystruktur.