Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Lønnspolitikk

Illustrasjonsbilde

Møre og Romsdal fylkeskommunes lønnspolitikk har som mål å sikre kvalitativt gode tenester gjennom motiverte medarbeidarar med riktig kompetanse.

Lønnspolitikken skal vere ein dynamisk og motiverande del av arbeidsgivarpolitikken, og sikre lik lønn for arbeid av same kvalitet, innsats og resultat, og lik moglegheit for lønnsutvikling uavhengig av kjønn.

Lønnsfastsettinga skal vere relatert til den funksjon medarbeidaren er i,
vedkommande sin kompetanse og måten arbeidet blir utført på. Lønnspolitikken skal vere synleg, gjennom at lønnsfastsetting skal skje etter kjente og aksepterte kriterium basert på dialog mellom leiar og medarbeidar.

Lønnspolitikken går fram av overordna lønnspolitisk plan frå 2004. Lønnspolitisk plan er supplert av eit lønnspolitisk kriteriesett for undervisningspersonalet (nytta i samband med lokale lønnsforhandlingar per 01.05.08), som koplar lønnsmessig tiltak ved den enkelte skole til arbeidet med utviklingsområde/satsingsområde i lokal kvalitetsplan.

Kriteriesettet som er utvikla i samband med ekstraordinære kompetanselønnsforhandlingar våren 2010, inneber ei konkretisering av koplinga mellom kompetanseutvikling og lønn, og er ei vidareutvikling av kompetansekriteriet i lønnspolitiske plan.

I høgremargen finn du lenker til policydokument og verktøy som bli nytta i samband med lokale lønnsforhandlingar.

Kontaktpersonar

Dag Lervik Dag Lervik
Personalsjef
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post

Dokument

Lønspolitiske kriterium 4C 2012
PDF-dokument - 186,61 kB