Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Arbeidsgivar HR > Arbeidsgivarpolitikk > Livsfase > Individuelle livsfasetiltak

Individuelle livsfasetiltak

Gjennom lov- og avtaleverket er det ordningar som tar opp i seg dette med tilpassing til livsfasar og den enkelte sitt behov. Dette finn vi i Lov om Folketrygd (kap 8, 9 og 14), Hovudtariffavtalen og Arbeidsmiljøloven (kap 4, 10 og 12). I tillegg har vi vår eigen arbeidsgivarpolitikk inkludert livsfasepolitikk.

  • Livsfase - barn
  • Livsfase - alle
  • Livsfase - senior

Livsfase – barn: 

  • Svangerskap og fødsel /Adopsjon/Fosterbarn (aml §§ 12-2 til 12-6)
  • Rett til fri ved amming (aml § 12-8)
  • Omsorg for barn i samband med fødsel (aml § 12-3)
  • Svangerskapskontroll (aml § 12-2)
  • Rett til fri ved barn og barnepassar sin sjukdom (aml §12-9, Folketrygdloven § 9-6)

Livsfase – alle 

  • Pleie av pårørande (aml §12-10 og Folketrygdloven § 9-12)
  • Rett til redusert arbeidstid på grunn av helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunnar (aml § 10-2)
  • Rett til vurdering av fleksibel arbeidstid (aml §10-2 (3))
  • Utdanningspermisjonar (aml § 12-11 samt avtaleverket)
  • Permisjonsreglement/ reglement for fleksibel arbeidstid

Livsfase – senior

  • Undervisningspersonale: Rett til å bytte undervisningsarbeid med anna pedagogisk arbeid med inntil 6% og 12,5% frå byrjinga av skuleåret det kalenderåret dei fyller hhv 57 og 60 år (SFS2213)
    Lærer som er født i 1962 eller tidlegere kan velje om de vil følgje gammal eller ny ordning. Læraren har ikkje rett til å gå over frå gamal til ny ordning eller omvendt, når dei har nytta seg av tiltaket.
    For informasjon om overgangsordning se Rettleiar SFS2213, side 12
  • Ekstra ferieveke frå 60 år (Ferieloven § 5 nr 2)
  • Seniorpolitikk for leiarar: Det blir stilt store krav til leiarane i fylkeskommunen.Både for driftseininga og for den enkelte leiar er det viktig at leiaren fungerer og trivst med leiaroppgåvene. Næraste overordna leiar har ansvar for å følgje opp den enkelte leiar i samband med medarbeidarsamtalar. For fylkesrådmannen og avdelingssjefane er det høve til å gå over i retrettstilling etter fylte 60 år, dersom dei har åtte års tenestetid i stillinga. Retningslinjene for retrettstilling for leiarar går fram av sak U-195/97.