Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fylkesakademiet

Fylkesakademiet har ansvar for «Fylkesinitierte opplæringstiltak på arbeidsgivar- og organisasjonsområdet»; kompetansetiltak for leiarar, mellomleiarar, tillitsvalte, verneombod og andre tilsette som er i målgruppa for aktuelle kompetansetiltak.

Sentrale møteplassar for fylkesakademiet sine kompetansetiltak er etablert og blir gjennomført kvart år: 

  • Arbeidsgivarpolitikk-konferansen for alle leiarar, mellomleiarar, tillitsvalte og verneombod
  • Leiarutviklingsprogram for alle nye leiarar og leiartalent 
  • Introduksjonsdag for nye leiarar og nye medarbeidarar
  • Årlege kompetansetiltak for driftspersonale i regi av bygg- og vedlikehaldsseksjonen
  • HMS-modul-opplæring

Fylkesakademiet sitt læringsnettverk

Fylkesakademiet sitt læringsnettverket er sett saman av representantar frå fagavdelingane og driftseiningane, og er etablert for å sikre at fylkesakademiet legg til rette for kompetansetiltak opp mot einingane sine vurderingar av kompetansebehov på arbeidsgivar- eller organisasjonsområdet. 

Fylkesakademiet sin kurskatalog

Fylkesakademiet legg årleg fram kurskatalog. Kurskatalogen viser til kompetansetiltak for inneverande år på arbeidsgivar- og organisasjonsområdet. På intern kalender/fylkesakademiet vil dato og påmeldingsskjema ligge tilgjengeleg. 

Kurseigar

Kurseigar har ansvar for innhaldet og gjennomføringa av kompetansetiltaket i kurskatalogen. Det er felles rammer for kurseigar i regi av fylkesakademiet sin kurskatalog.

I rammene ligg:

  • Val av opplæringsform
  • Administrasjon av tiltaket
  • Val av målgruppe
  • Val av leverandør - anbodsprosess
  • Val og avtale med eventuell foredragshaldar
  • Administrere tiltaket via intern kalender
  • Informere om tiltaket på «Mi side»
  • Evaluering av tiltaket
  • Bruk av fylkeskommunen sin grafisk profil i alt materiell
  • Bruk av Møre og Romsdal fylkeskommune sine lysark med introduksjon på alle kursarrangement

Fylkesakademiet og økonomiske rammer

Sentrale opplæringsmidlar er Fylkesakademiet sin budsjettpost. Personalseksjonen legg på vegne av læringsnettverket fram sak til hovudsamarbeidsutvalet om bruk av budsjetterte midlar. Fylkesrådmannen tek avgjerder i bruk av desse midlane etter uttale frå hovudsamarbeidsutvalet.

Årshjulet for fylkesakademiet sin aktivitet er knytt til budsjettåret, og kursaktiviteten og omfanget er mellom anna knytt til fylkestinget sitt vedtak om budsjett for sentral opplæring (Fylkesakademiet) for påfølgande år.

Kontaktpersonar

Marianne Bye Marianne Bye
Rådgivar
71 28 01 76
Send e-post
Berit Dahl Berit Dahl
Konsulent
71 28 01 77
Send e-post

Dokument