Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Arbeidsgivar HR > Arbeidsgivarpolitikk > AGP-konferansen 2017

Kontaktpersonar

Dag Lervik Dag Lervik
Personalsjef
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post
Marianne Bye Marianne Bye
Rådgivar
71 28 01 76
Send e-post

AGP-konferansen 2017

Tema for årets konferanse var etikk og ytringsfridom i eit arbeidsgivar og organisasjonsperspektiv, godt språk og motivasjon og stressmestring i endringstider.

Den 15. og 16. mars 2017 deltok omlag 300 leiarar, tillitsvalde og verneombod i fylkeskommunen på den årlege AGP-konferansen, der viktige tema forankra i vår eigen arbeidsgivarpolitikk vart løfta fram.

Gjennom to spanande dagar fikk vi med hjelp frå svært kompetente føredragshaldarar og prosessrettleiarar, fagleg påfyll med fokus på etikk og ytringsfridom i eit arbeidsgivar- og organisasjonsperspektiv, godt språk og motivasjon og stressmestring i endringstider. Fylkeskommunen sin komande prosess for revidering av dei etiske retningslinjene våre og forholdet mellom tilsette sin ytringsfridom og lojalitetsplikt vart løfta fram på konferansen gjennom interne bidragsytarar.

Du kan lese ein meir om innleiarane og sjå programmet her

Foredraga kan du laste ned via lenkene nedanfor:

Bilde av Inger Johanne Moene og Dag Lervik under AGP 2017

Inger Johanne Moene og Dag Lervik

Konferansen starta med ein introduksjon av prosessen for revidering av dei etiske retningslinjene til fylkeskommunen.

Last ned: Introduksjon til prosess for revidering av våre etiske retningslinjer

Bilde av Øyvind Kvalnes under innlegg på AGP-konferansen 2017

Øyvind Kvalnes

Kvalnes sitt innlegg handla om etikk og samfunnsansvar med utgangspunkt i arbeidsgivarrolla. Vi vart introdusert for omgrepa konsekvensetikk og pliktetikk. Kva er viktigast? Utfallet av handlingane våre, eller det å gjere den rette handlinga?
Last ned: Etikk og samfunnsansvar med utgangspunkt i arbeidsgivarrolla
Bilde av Cecilie Staude under foredrag på AGP 2017

Cecilie Staude

Staude snakka om ulike strategiar for bruk av sosiale medium i eit organsiasjons- og arbeidsgivarperspektiv. Korleis finn du balansen mellom deg sjølv som privatperson og den profesjonelle rolla di? Last ned: Bruk av sosiale medium i eit organisasjons- og arbeidsgivarperspektiv
Helene Uri under AGP-konferansen 2017

Helene Uri

Uri snakka om kva som kjenneteiknar eit godt språk, og kva som blir rekna som godt språk i ein fylkeskommune. Ho kom også med fleire gode skrivetips (dette foredraget er desverre ikkje tilgjengeleg for nedlasting). Her finn du språksidene og språkprofilen til fylkeskommunen: www.mrfylke.no/sprak
Bilde av Åge Brekk under AGP-konferansen 2017

Åge Brekk

Åge Brekk er jurist og tilsett i fylkeskommunen. Han snakka om forholdet mellom tilsette sin ytringsfridom og lojalitetsplikta til arbeidsgivar. Kvar går grensene mellom ytringsfridom og lojalitetsplikt?

Last ned: Forholdet mellom tilsette sin ytringsfridom og lojalitetsplikta til arbeidsgivar

Last ned: Gruppeoppgåve

Bilde av Bjørnar Brændeland under AGP-konferansen 2017

Bjørnar Brændeland

Korleis blir ein medarbeidar motivert, og korleis taklar vi best stress? Korleis kan ein leiar bidra til at dei tilsette kan gjere jobben sin på ein god måte? Brændeland viste til forsking og teoriar som viser korleis vi best mogeleg taklar endringar og stress.  Last ned: Motivasjon og stressmestring i endringstider

Bildeglimt:

Bilde av musikkinnslag under AGP 2017

Kulturinnslag

Bilde av Ottar Brage Guttelvik AGP-konferansen 2017

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik under opningstalen

Bilde av Are Hjeltnes og Louise Liaset under AGP 2017

To blide konfransierar: Are og Louise

Bilde av Øyvind Kvalnes under AGP-konferansen 2017

Tør du å stole på hint og håp?

Bilde av Bjørnar Brændeland under AGP-konferansen 2017

Full fart med Bjørnar Brændeland

Bilde frå salen under AGP 2017

Ny rekord med over 300 deltakarar