Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fagerlia VGS > Tjenester > Hybelboer > Samling 8. mars 2016 > Samling tirsdag 8. mars 2016

Kontaktpersonar

Rune Sæter
Teaterpedagog
71 28 16 81 / Mob. 928 31 319
Send e-post

Samling tirsdag 8. mars 2016

Ein liten rapport frå siste samling for Hybelfolket. Tirsdag 8. mars var ein god gjeng samla på kjøkenet med tema "studentmat for under 50-lappen".  Meny: Blomkålsuppe (lærte å lage basis for supper og sausar) med ein liten fløyteskvett og Bruschetta on the side (frå heimelaga speltbrød), brennsnut (med kraft frå svineknoke), fiskegryte med torsk og bakt potet med bacon/mais/rjome.

50-lapp

Med mor som ideal er det ikkje berre gjort i ei handvending å nå gastronomiske fjelltoppar, men vi er på veg. Hybellivet stimulerer ikkje alltid til kokkelering åleine, men det gode tipset er å møtast for å gjere mat til ei sosial greie. Mykje kjekkare og meir økonomisk. Restemat skal heller ikkje undervurderast, og eg tippar at nokon blir glade for å finne fiskegryte og brennsnut i kjøleskapet på hybelen etter endt skuledag.

No kjem våren snart, og det anar meg at det blir grillings på ein fin sunnmørsdag. O glede!

Helsing hybelgeneral Rune.