Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fagerlia VGS > Aktuelt > Nyheter > Studiespesialisering vg2 i Skottland

Studiespesialisering vg2 i Skottland

Møre og Romsdal fylkeskommune har samarbeid med tre skular i Skottland, som gjer at vi kan tilby studiespesialisering vg2 i utlandet. Tilbodet er tilpassa norske læreplanar for vg2 realfag eller språk/samfunnsfag/økonomi, og elevane bur med skotske vertsfamiliar i skuleåret. Haram vidaregåande skule administrerer tilbodet.

For å kome inn på dette tilbodet må eleven ha fullført og bestått vg1 studiespesialisering. Søkjarar frå heile landet kan søkje. Søknadsfrist 1. mars 2017.

Vedlagt er annonse som fortel om tilbodet (klikk på annonsen for stor størrelse).

Kontakt gjerne Haram vidaregåande skule for meir informasjon, eller gå inn på www.haram.vgs.no

Skottland