Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fagerlia VGS > Aktuelt > Nyheter > Info om søking til Vg1 – studiespesialisering med toppidrett

Kontaktpersonar

Toril Tømmerdal Toril Tømmerdal
Adjunkt m/tilleggsut
71 28 15 22 /
Mob. 466 83 705
Send e-post
Joakim Rune Austnes
Fagleder
71 28 15 82 /
Mob. 911 56 915
Send e-post

Info om søking til Vg1 – studiespesialisering med toppidrett

Søkjarar må ha ønske om vg1 studiespesialisering med toppidrett som sitt 1. ønske for å blir vurdert som søkjar.

Inntakskravet til vg1 studiespesialisering med toppidrett er at søkjaren kan vise til idrettslege prestasjonar på regionalt, nasjonalt eller internasjonalt nivå.

Søknaden blir lagt fram til vurdering for aktuell idrettsorganisasjon på regionalt eller nasjonalt nivå, avhengig av korleis den aktuelle idretten er organisert.

Vurderinga blir gjennomført på evalueringsskjema som er fastsett av fylkesutdanningssjefen.

Vurderinga skal resultere i ein karakter for idrettsleg nivå. På grunnlag av denne karakteren vil fylkesutdanningssjefen gi tilleggspoeng for idrettsleg nivå.

Ved inntaket skal karakterpoeng frå grunnskolen telje 30 % og idrettspoeng telje 70%.

Søkjarar som ikkje fyller kravet til inntak på grunnlag av idrettslege prestasjonar blir vurdert som ukvaliserte til inntak på vg 1 studiespesialiering med toppidrett og vil få eit vedtak om at søknaden er avvist.

Søkjarar som blir tekne inn til eit toppidrettstilbod, har rett til inntak på dei neste trinna i opplæringsløpet, dersom dei fyller krava til inntak, jf. forskrift til opplæringslova § 6-28 og § 6-37.

Følg lenken til mer informasjon om toppidrett: http://www.fagerlia.vgs.no/Fagerlia-VGS/Utdanningsprogram/STUDIESPESIALISERING/Studiespesialisering-Toppidrett