Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fagerlia VGS > Aktuelt > Nyheter > Fagdag i norsk på Giske

Fagdag i norsk på Giske

Fredag 8. september var om lag 100 elevar frå VG2 på tur til Giske. Fagdagen i norsk vart bada i strålande sol og vi fekk enno meir kjennskap til mellomalderhistorie frå lokalområdet.

Grunnleggjaren av Giskespelet, Arne Tunheim, hadde tent på elden i åra i Gildehallen, og kunne fortelje levande om korleis heile Noregs historie har blitt forma ut frå dei hendingane Arnungeslekta på Giske tok del i for om lag 1000 år sidan. Han fortalde om handlinga i Giskespelet, som er bygd på Snorre Sturlason si nedskriving av Soga om Olav den Heilage. Der får vi høyre om Torberg Arneson frå Giske som var gift med Ragnhild, dotter av den mektigaste hovdingen på Vestlandet, Erling Skjalgsson. Mellom anna fortalde han om Olav Kyrre, son av Tora Torbergsdotter frå Giske. Han er kjend for å vere grunnleggjar av Bergen, og var truleg også den første kongen som kunne lese og skrive.

Sokneprest Andrè Sjåvåg og kyrkjetenaren i Giske kyrkje, Inger Magelssen Godø la godt til rette for fine historier om marmorkyrkja som truleg er bygd kring 1130.

Vi fekk høyre om kyrkjelivet opp gjennom tidene, og historiene om Tavle-Jacob. Guten frå Giske som vart kjend over heile Sunnmøre på 1700-talet for å lage dei mange flotte altertavlene med utskjeringar i tre.

Som avslutning fekk vi høyre den rørande kjærleikshistoria om Valborg og Aksel som aldri fekk kvarandre i levande live. På staden der dei vart gravlagd, på kvar si side av kyrkja, den eine rik på solsida, den andre i fattigmannsgrav mot nord, vaks det opp to høge tre og greinene omfamna kvarandre i eit endeleg møte over kyrkjetaket.

Dagen har gjort oss godt rusta til å møte både kongesoger og riddarforteljingar når vi kjem attende til klasserommet og skal fordjupe oss i litteraturhistoria vår frå mellomalderen. Takk for ein fin dag!

Klassene som var med:

2ST1/2ST2/2KDA/2ST4/2ST5

Fagdag i norsk på Giske 2
Fagdag i norsk på Giske 3
Fagdag i norsk på Giske 4
Fagdag i norsk på Giske 5
Fagdag i norsk på Giske 6
Fagdag i norsk på Giske 7
Fagdag i norsk på Giske 8
Fagdag i norsk på Giske 9