Fagerlia / Aktuelt / Nyheter / Tatt inn på Statens Teaterhøgskole

Tidlegare dramaelev tatt inn på Statens Teaterhøgskole

Tidlegare dramaelev Henriette Friis Marø er, som ein av åtte studentar, tatt opp ved den prestisjefylte bachelorutdanninga for skodespelarkunst i Oslo. Av  800 søkarar og med plass til 4 jenter, blir dette rekna for å vere eit av dei vanskelegaste studia å kome inn på. Vi gratulerer og gler oss til å sjå henne på teaterscena.