Kultursekktilbod
Konsert med Kråkesølv 14. april i regi av Kultursekken til Møre og Romsdal fylke for alle elevane ved Vg1 og Vg2 på Fagerlia vgs. Konserten er på Parken kulturhus.
Her kan du lese meir om Kråkesølv: http://www.krakesolv.no
Her kan du høyre låtar med Kråkesølv: http://www.myspace.com/krakesolv
Kråkesølv er eit kompakt firemannsband frå Bodø. Lydbiletet deira er sett saman og er inspirert av mange forskjellige stilartar, der atmosfærisk pop og ruskete rock i gata til Death Cab for Cutie og Sonic Youth står sterkt. Legg til ein porsjon nordnorsk emosjonalitet og tekster på dialekt så er biletet av Kråkesølv nesten komplett.
Bandet har sidan oppstarten i 2007 vært med på mykje og har spelt over heile Noreg. I 2010 deltok dei på by:Larm, og dei fekk Spellemannspris for beste popgruppe i 2011.
Kråkesølv ga hausten 2009 ut albumet "Trådnøsting" som fekk svært gode kritikkar av eit samla norsk kritikarkorps. Plata "Bomtur til jorda" kom ut november 2010.
Kråkesølv har tileigna seg ein dedikert og entusiastisk tilhengarskare sidan oppstarten og det er ei glede å kunne presentere bandet for dei videregåande skolane i fylket.
Om kunstnar/utøvar/gruppe
- Kristoffer Magnus Nohr Unstad – gitar, vokal
- Fredrik William Olsen – gitar, vokal
- Petter Waldemar Nohr Unstad – bass
- Thomas Litangen – trommer
(Informasjon henta frå informasjonssidene til Kultursekken)
Under finn du oversikt over når klassene skal møte og bussavgang:
Bussavgang ca. kl. 09:30. Forestilling Kl 10:00. Retur ca. 11:30
Bussavgang ca. kl. 11:30. Forestilling Kl. 12:00. Retur ca. 13:30
| Torsdag 14. april | |
| Kl. 10:00 | Vg1 ST, Vg1 Musikk, dans, drama, Vg2 HS |
| Kl. 12:00 | Vg2 ST, Vg1 SF, Vg2 SF, Vg2 Musikk, dans, drama, TL |